Fredag 4. August skal dei første utøvarane innta olympiastadion i London. Framom om lag 65.000 tilskodarar skal dei beste friidrettsutøvarane frå heile verda kjempe om edle medaljar i løpet av dei ti VM-dagane.

13 norske utøvarar reiser til London, og ein av dei det er stilt størst forhåpningar til er Karsten Warholm. 21-åringen frå Ulstein kommune har fått sitt definitive internasjonale gjennombrot denne sesongen, med gull og sølv under U23-EM i Bydgoszcz, samt siger på 400 meter hekk under både Bislett Games og det etterfølgjande Diamond League-stemnet i Stockholm.

På Bislett slo Warholm både Kerron Clement, som er regjerande olympisk meister og regjerande verdsmeister, samt Yasmani Copello. Han som vann finalen under EM i Amsterdam, då Warholm debuterte i eit internasjonalt seniormeisterskap.

Polsk kraftprøve

Under U23-EM prøvde Karsten Warholm seg på ein utruleg dobbel, med både 400 meter og 400 meter hekk i same meisterskap. Det gav seks tøffe løp på berre fire dagar, men Warholm fullførte med glans og sikra sølv på 400 meter, samt gull på 400 meter hekk. Det er likevel liten tvil om at hardkøyret kosta.

– Eg var relativt sliten etterpå, men kom meg heldigvis ganske raskt. Det blei nokre rolege dagar der eg prøvde å hente meg inn att, og det ser ut til å ha funka, seier Warholm.

Han legg ikkje skjul på at den type “stunt” ikkje er noko han kan gjere for ofte.

– Det er slikt ein maks kan gjere ein gong i året. Kanskje ikkje det ein gong. Ein gong i skotåret vil eg heller seie, fortel 21-åringen.

Denne gongen fekk han også løn for strevet, med to medaljar, og det er noko Warholm set pris på.

Det såg likevel noko tøft ut då Warholm gjekk tom for krefter på oppløpet i finalen på 400 meter. Kunne han klare å restituere godt nok? Svaret er ja. Stortalentet vann langhekk-finalen som han ville, og med 48,36 har han berre vore raskare ein gong tidlegare.

– Det var kult å sjå at det var mogleg å gjere det. Eg var svært “happy” med det, smiler han.

Ikkje mogleg å doble

U23-EM er historie. No er det dei store gutane som skal i aksjon, og Warholm får inga enkel oppgåve i London. Oppgåva er så tøff at det å prøve seg på både 400 meter og 400 meter hekk var heilt uaktuelt. Sjølv om han hadde kravet på begge øvingane.

– Der er det ikkje mogleg å doble. Det er berre å drite i. Nivået er for høgt og det blir for mykje trykk til at det kunne gå.

For sjølv om Dimna-utøvaren er den sjette raskaste i år av dei som stiller på 400 meter hekk, så er konkurransen så hardt at Warholm reknar med å måtte gje full gass allereie i forsøket.

– I VM er det så hard kamp for å kome seg vidare at ein ikkje har anna val enn å køyre på.

Men med sjette beste tid i verda som utgangspunkt, så bør ikkje tanken om å vere ein av dei åtte som stiller til start i finalen onsdag kveld vere så veldig fjern.

– Det hadde vore kult å få med seg det, og eg kjem til å gjere alt for å få det til. Vi må berre sjå kor langt det rekk, men moglegheita er der absolutt, meiner Warholm.

Knalltøff konkurranse

Klarar han å kjempe seg til ein finaleplass kan alt skje, men motstanden Warholm skal opp mot på Olympiastadion er formidabel. 21-åringen har sett ny norsk rekord i år med 48,25. Eitt år yngre Kyron McMaster har vore så rask som 47,80 tidlegare i år. Og sjølv om Warholm slo Kerron Clement i superduellen på Bislett, er det nok amerikanaren som vil vere den største favoritten under meisterskapen i London.

– Konkurransen er veldig solid, det kan eg skrive under på! Eg brukar jo også desse konkurransane til å samle mykje erfaring og prøvar å ta til meg så mykje som mogleg. Dermed blir det nokre viktige dagar framover.

Noko erfaring har han allereie bygd seg opp. I 2016 vart det EM-finale og niandeplass i OL. I år har han allereie to meisterskapsmedaljar. Og Warholm veit også at han har slått mange av konkurrentane han skal opp mot i London i andre konkurransar.

– Det har eg, og det vil eg gjere meir av. I VM er det samstundes ingen som sparar på noko. Det kan ein risikere at nokon gjer på Bislett. Her blir det all-in frå alle kantar, og då må eg vere vaken slik at det ikkje blir gjort noko tabbe.

Ein hekk av gangen

I London blir det forsøk søndag, før ei eventuell semifinale måndag. Tek Warholm seg vidare derfrå får han ein dags pause før finalen onsdag. Sjølv er han forsiktig med å setje seg klare mål for meisterskapen tek til.

– Vi har ikkje noko fast mål, anna enn å prøve å levere knirkefritt runde for runde. Sjølvsagt hadde det vore veldig kjekt med plass i finalen, men om det er realistisk merkar ein nok fort. Det er mange som har lyst dit, mange fleire enn dei åtte det er plass til. Det skal eg love deg. Eg må ta ein hekk av gongen og så ser vi kor langt det kan rekke.

Men dersom Karsten Warholm passerer hekkar som han har gjort så langt i år kan det bli eit kjekt VM i London.

– Det satsar vi på!