Midtstoppar og Hødd-kaptein Jesper Törnqvist meiner han sjølv og Hødd-forsvaret har å jobbe med framfor neste helg, når Bryne er motstandar heime på Høddvoll.

- Vi scorar to fine mål på bortebane og burde vinne denne kampen. Men, i staden blir dette til noko vi må analysere grundig. Vi er ikkje flinke nok til å stoppe det Fram kjem med. Å gå frå å leie med eitt mål til å tape med eitt er for dårleg. Eg er sjølvsagt forferdeleg skuffa over at det endar slik. Dette var ein kamp der vi jobba oss fram til eit godt utgangspunkt, vi skapte sjansar og hadde i store periodar god kontroll. Då skal ikkje dette skje, vi skal ikkje sleppe frå oss ein potensiell siger, seier Törnqvist.

Han fortel at det er vanskeleg å sjå nøyaktig kva som kan bli betre rett etter kamp, men at forsvarsspelet ikkje var godt nok er han klar på.

Dette er ikkje i nærleiken av der vi må vere. Vi vil mykje, men det blir ikkje nok. Vi var ikkje flinke nok til å følgje det vi avtalte på førehand, og det blir vi straffa hardt for.

- Forferdeleg frustrerande

Robin Shroot fekk med seg namnebror og den "heimkomne son" Robin Hjelmeseth på topp for Hødd mot Fram. Duoen skapte saman med resten av angrepsrekkja fleire flotte sjansar, og det blei til og med ei scoring for den sindige briten.

- Det er forferdeleg frustrerande at vi taper dette. Vi er det beste laget. Vi viste godt spel gjennom store delar av kamoen, men så tek vi som eit kollektiv foten av gasspedalen. Vi viste til slutt for lite kollektivt ansvar til sikre oss eit godt resultat. Det er ikkje berre forsvaret som skal ha skulda her, her må også midtbana og angrepet ta ansvar, seier Shroot.

Han var ganske så irritert over sjansen han fekk ikkje lenge etter scoringa si, då han frå skrå vinkel skaut i stolpen og ut.

- Det er små marginar i fotball. Hadde eg sett den i mål kunne dette raskt blitt noko heilt anna. Men, no er eg berre mest av alt skuffa, seier Robin Shroot til slutt.

Preben Sætre fortel at han burde scora på sin store sjanse.

- Heilt klart. Men, det gjer eg ikkje, og vi får i staden to i mot. Vi stressar for mykje. Vi må lære oss å roe oss ned meir når vi er oppe i leiinga i kampar. I forsvarsarbeidet i dag orientererte vi oss ikkje nok, og tok ikkje ut dei spelarane vi skulle ha kontroll på. Dette var veldig skuffande, seier Sætre.