Karsten Warholm kryssa målstreken først av alle. For ein prestasjon av 21-åringen frå Dimna!
            (Foto: AFP.)

Karsten Warholm kryssa målstreken først av alle. For ein prestasjon av 21-åringen frå Dimna!Foto: AFP.

VM i London:

Karsten er verdsmeister!

Karsten Warholm blei verdsmeister på 400 meter hekk i London onsdag kveld!

Klokka 22.33 gjekk startskotet for VM-finalen på 400 meter hekk på Olympic Stadium i London. Og det i skikkeleg sunnmørsvêr. Berre regjerande europameister Yasmani Copello (Tyrkia) og den regjerande olympiske meisteren Kerron Clement (USA) hadde betre tid i 2017 enn Karsten Warholm før denne finalen. I semifinalen hadde Karsten nest raskaste tid, berre slått av Clement.

Dimna IL-utøvaren sprang i bane fem, rett ved sidan av den regjerande OL-meisteren.

Eit heilt vanvittig resultat skulle det bli for Karsten, for Sunnmøre, for Norge! 21-åringen sprang i mål på tida 48,35, klart framfor resten av feltet.

Yasmani Copello, Tyrkia, kom i mål på tida 48,49, medan OL-vinnar Kerron Clement sprang inn til bronse, på tida 48,52.

Karsten Warholm er verdsmeister!
            (Foto: Skjermdump.)

Karsten Warholm er verdsmeister!Foto: Skjermdump.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: