Det gjekk eit grønt Dimna-tog frå nettopp Dimna til Sjøborg kulturhus onsdag kveld. (Foto: Linda Eikrem.)

Det gjekk eit grønt Dimna-tog frå nettopp Dimna til Sjøborg kulturhus onsdag kveld.Foto: Linda Eikrem.

Klubbtrenar og Karsten Warholm sin tidlegare trenar, Arve Hatløy, har trua på sin elev i kveld. (Foto: Linda Eikrem.)

Klubbtrenar og Karsten Warholm sin tidlegare trenar, Arve Hatløy, har trua på sin elev i kveld.Foto: Linda Eikrem.

Kultursjef Leif Ringstad (t.v.) og ordførar Knut Erik Engh i diskusjon kring fenomenet frå Dimna før dei skal sjå finalen på Sjøborg kulturhus. (Foto: Linda Eikrem.)

Kultursjef Leif Ringstad (t.v.) og ordførar Knut Erik Engh i diskusjon kring fenomenet frå Dimna før dei skal sjå finalen på Sjøborg kulturhus.Foto: Linda Eikrem.

Mr. Dimna, Olav Hansen, trur på medalje. (Foto: Linda Eikrem.)

Mr. Dimna, Olav Hansen, trur på medalje.Foto: Linda Eikrem.

Det blir nok full sal på Sjøborg i kveld! (Foto: Linda Eikrem.)

Det blir nok full sal på Sjøborg i kveld!Foto: Linda Eikrem.

Warholm-rekkja Frå venstre ser ein tante Liv Janne, onkel Helge, onkel Einar, farmor Kristine og farfar Erling. Dei er alle fole spente! Håper på medalje, sjølvsagt.

Warholm-rekkja Frå venstre ser ein tante Liv Janne, onkel Helge, onkel Einar, farmor Kristine og farfar Erling. Dei er alle fole spente! Håper på medalje, sjølvsagt.

1 / 6

Gjekk i grønt tog frå Dimna til Ulsteinvik før VM-finalen:

Mr. Dimna: - Eg har god tru på medalje for Karsten

Mr. Dimna og dei andre frammøtte på Sjøborg kulturhus trur på medalje for Karsten Warholm. Sjå bileteserie!

- Eg har god tru på medalje, sølv eller gull, seier Olav Hansen, sjølvaste Mr. Dimna, til Vikebladet Vestposen.

Hansen var med og stifta Dimna IL i 1974. Onsdag kveld er han sjølvsagt blant dei mange frammøtte på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik, for å følgje VM-finalen. Mange titals personar kledd i Dimna-grønt gjekk i tog frå Dimna til Sjøborg.

- Kan bli ein av tidenes norske idrettsprestasjonar

Kultursjef i Ulstein kommune, Leif Ringstad, trur også Karsten kan gjere det stort i VM-finalen.

- Eg trur Karsten får medalje, men det er knallhardt i toppen. Viss han vinn, er det heilt klart ein av landets største idrettsprestasjonar gjennom tidene, seier Leif Ringstad.

Ordføraren ønskjer ikkje å vere noko dårlegare enn kultursjefen på spørsmål frå lokalavisa.

- Eg også trur på medalje, og uansett valør er det ein fantastisk prestasjon, seier ordførar Knut Erik Engh.

Karsten er dessutan offisiell ambassadør for Ulstein kommune.

Gamletrenaren håper på medalje

Få kjenner Karsten Warholm si historie på friidrettsbana betre enn Arve Hatløy, klubbtrenar i Dimna IL.

- Eg håper på eit godt løp, då kan han kjempe om medalje. Fjerde- eller femteplass er nok likevel kanskje mest realistisk, seier Arve Hatløy.

- Ein siger i seg sjølv

Mamma Kristine Haddal og pappa Mikal Warholm, samt fleire frå Warholm-klanen er på plass i London. Dei håper sjølvsagt også på medalje.

- Ein VM-finale er i seg sjølv utruleg imponerande. Det er ein siger i seg sjølv. Så får vi sjå kva som skjer, sa mamma Kristine til NRK.


Vikebladet Vestposten er til stades på Sjøborg kulturhus onsdag kveld, og vil kome med meir derifrå utover kvelden. Finalen går klokka 22.33 norsk tid, og blir sendt på NRK.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: