– Karsten er ein rotekopp, det er spesielt klevasken som er eit tiltak. Det hopar seg veldig opp med skitne treningsklede, fortel Henrik Overvåg.

Vikebladet Vestposten møter han på Flø, der han skal gå tur med bikkja. 23-åringen har sjølv drive med friidrett på høgt nasjonalt nivå, no seier han seg litt ferdig med det.

– Det er ikkje alle som er skapte for toppidrettslivet, det tek mykje tid og energi. No trenar eg litt andre ting, som styrke, seier han. Henrik Overvåg er heime i Ulsteinvik i sommar og har sommarjobb på Sandetun på Larsnes. Først for tre år sidan klarte Karsten, som er to år yngre, å slå Henrik på 200-meteren.

Matlaging og klevask

Også Halvdan Engeset frå Ulsteinvik og Ådne Andersen frå Hareid bur i kollektivet på Kringsjå. Andersen stadfestar at Karsten er ein rotekopp, men seier han ikkje er åleine.

– Det er nok både Karsten og eg som rotar. Henrik ryddar, fortel Andersen på telefon frå hovudstaden, og legg til:

– Karsten og eg var heime åleine eit par veker i sommar, då stod det koppar og glas over alt i leilegheita. Då måtte vi ta eit skippertak, ler Andersen.

Han fortel at det spesielt er matlaging og skitne treningsklede som fører til rot i kollektivet.

Henrik fortel at dei to kameratane sende snapbilde av rotet.

– Det såg rett og slett ikkje ut, seier han.

– Det er viktig å bruke energi ein på rett måte, og for oss er det å trene og å vere sosiale, forklarer Ådne Andersen.

– Uverkeleg

Ådne sette nyleg personlege rekordar på både 800 og 3000 meter. Å hamne i verdstoppen er eit mål, også for han. Kompis Karsten er difor til stor inspirasjon.

– Det er heilt uverkeleg at Karsten har gjort det så bra i VM i London. Det er vanvitig mange som prøver å gjere det same, det er berre nokre få som lukkast, seier han. Andersen meiner at Karsten er heldig som har ein trenar (Leif Olav Alnes) som har mykje rutine og røynsle frå store meisterskap.

Henrik Overvåg er ikkje overraska over at Warholm nådde finalen.

– Finaleplassen kom ikkje som eit sjokk, akkurat, Karsten er ei maskin som klarer å prestere når han skal, meiner Overvåg.

Kyllingar

– Forresten, fortalde Ådne deg om kyllingane han og Karsten har skaffa?, spør Henrik eit stykke ut i samtalen.

– At det var sa du at det var..?

– Jau, då eg var innom leilegheita no tidleg i august, fann eg ut at dei to hadde fått tak i fem levande kyllingar. Så no har vi desse kyllingane i leilegheita, det er litt koseleg, faktisk, fortel Henrik. Ifølgje karane er kyllinghaldet avtalt med huseigar.

Ådne stadfestar historia, og seier kyllingane kom i hus rett før Karsten reiste til VM. Diverre rakk han ikkje å ta bilde av Karsten og kyllingane.

Kjernekar

Dei to skildrar Karsten som tolerant, sosial, raus og gåvmild. – Karsten er rett og slett ein kjernekar, seier dei.

Begge skulle ønske dei var i London for å heie fram kompis Karsten i VM-finalen. I staden må dei følgje tv-sendinga.

– Eg er veldig spent, spent på kor mykje Karsten har på lager. Dette er berre utruleg spennande, seier Ådne Andersen.

Onsdag kveld sprang Karsten finalen på 400 meter hekk i VM i London. Finalen gjekk lenge etter at avisa gjekk i trykken. Les om finalen og reaksjonar på vikebladet.no.