- Denne stunda må han berre nyte, sa NRK sin friidrettsekspert Vebjørn Rodal rett før medaljeseremonien på Olympiastadion i London.

Medaljane vart delt ut av Sebastian Coe, tidlegare mellomdistanseløpar og no president i Det internasjonale friidrettsforbundet.

Bronsen gjekk til Kerron Clement frå USA, sølvet til Yasmani Copello frå Tyrkia før Warholm gjekk opp på sigerspallen.

Etterpå sa Warholm følgjande til NRK:

- Det var veldig spesielt. Det har vore nokre merkelege 24 timar no, og det er sjølvsagt veldig gøy når ein står der og høyrer nasjonalsongen. Det er ikkje ofte ein får oppleve i eit internasjonalt friidrettsmeisterskap. Eg berre kosa meg!

Han vedgjekk at han er litt sliten, og at han gler seg til å kome tilbake til treningskvardagen.

- Idrett er ferskvare, så eg må berre halde fram med å køyre på.  Men akkurat no lengtar eg etter søvn, eg har vel aldri vore så deilig sliten før, sa ein fornøgd 21-åring.