Keepertrenar Ronny Osnes har vore viktig for Jan-Lennart Urke i Hødd. No reiser nok ein keeper frå Hødd til større oppgåver i eliteserien.
(Foto: Arkiv.)

Keepertrenar Ronny Osnes har vore viktig for Jan-Lennart Urke i Hødd. No reiser nok ein keeper frå Hødd til større oppgåver i eliteserien. Foto: Arkiv.

AaFK-overgangen er bekrefta for Jan-Lennart Urke:

- Ei moglegheit eg var nøydd til å takke ja til

Overgangen for Jan-Lennart Urke frå Hødd til AaFK er no bekrefta av Hødd sjølv.

- Eg gler meg veldig. Dette var ei moglegheit eg følte eg var nøydd til å takke ja til, og som ikkje kjem så ofte, seier Jan-Lennart Urke til Vikebladet Vestposten.

Urke går på utlån til bya-laget ut 2017-sesongen, og er speleklar for Aalesunds FK allereie til helga.

Hødd sitt førsteval som sisteskanse siste sesongane er overtydd om at han forlét eit lag som har to unge, framstormande keeperar, til å ta over hanskane etter han.

- Eg veit at slik situasjonen i Hødd er no, så har laget to andre gode målmenn i Ole-Monrad og Sivert (Alme og Pieroth, red.anm). Dei treng speletid for å bli betre. Dette er såleis ein vinn-vinn-situasjon både for klubben og meg sjølv. Eg er godt fornøgd med overgangen, seier han.

Forventar ikkje å gå rett inn på laget

Fredag har Urke si første trening med AaFK. Han fortel at AaFK-trenar Trond Fredriksen og hans team har informert han om konkurransesituasjonen i klubben, og at det nok vil bli ein fight mellom noverande førstekeeper Andreas Lie, med fartstid i Hødd han også, og Jan-Lennart Urke.

- Andreas har stått godt i år, så eg forventar ikkje å gå rett inn på laget. Eg trur det blir ein fair duell der vi vil jobbe godt i lag i eit godt keeperteam. Eg ser på det neste halvåret som ei moglegheit til å bli kjent med klubben, og å få trene på eit høgare nivå, seier Urke.

Så gjenstår det å sjå kva som skjer vidare, for i låneavtalen har AaFK sikra seg ein klausul om å kjøpe Urke dersom det kjem til det.

- Får vise seg fram på eit høgare nivå

Hødd rosar i ei pressemelding Urke for jobben han har gjort for laget gjennom fleire år.

- Jan-Lennart har vore med i Hødd gjennom fleire år og får no sjansen til å vise seg fram på eit høgare nivå i Norge. Etter gode prestasjonar det siste året har det vore interesse rundt Hødd sin førstekeeper den siste tida. Det har vore god dialog med AaFK sine representantar og Jan-Lennart som no søkjer nye utfordringar. At nok ein keeper frå Hødd er aktuell for eliteserien viser at det blir jobba godt på keepersida i klubben, skriv Hødd i pressemeldinga.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Odd 2 - Hødd LIVE

Bortekamp for Hødd tidleg måndag ettermiddag.

Teknisk utval på mogleg synfaring:

Naboar protesterer mot bustadblokk

Ulsteiningen Leif Klokk står bak mikrobryggeriet Klokk & co:

Lever ut øldraumen