Ulstein rådhus var plassen å vere torsdag. For med flotte kaker og gode ord blei Dimna IL-utøvaren og Norge sin ferske verdsmeister, Karsten Warholm, hylla.

Rørt ordførar

Ordførar Knut Erik Engh var tydeleg rørt der han stod framfor fleire TV-kamera og dei frammøtte på rådhuset, og fortalde om si oppleving av gårsdagens historiske gull-løp.

- Det var utruleg rørande det som skjedde på Sjøborg kulturhus i går. For ei oppleving! Eg er også veldig, veldig glad for at Dimna IL med Arve Hatløy i spissen fekk så mykje skryt, både frå hovudpersonen sjølv, og frå ulike som uttalte seg om gull-løpet i går og i dag. For det fortener klubben verkeleg. Den jobben som har vore gjort gjennom alle år for å få Karsten dit han er i dag, den er enorm. Eg er rett og slett så stolt av Karsten, og stolt av Dimna. Eg har nesten problem med å setje ord på dette, sa Engh til dei frammøtte og la til:

- Gratulerer så mykje til alle saman. Dette er berre starten!

Håpet var der

Mr. Dimna, som han blir kalla, Olav Hansen, fortalde at Dimna IL er svært stolte over verdsmeisteren.

- Dette er heilt fantastisk. Det er kjekt å tenkje på at den satsinga som har vore og framleis er på friidretten i Dimna IL, gir resultat.

Tidlegare trenar for Karsten, og ein av dei som kjenner 21-åringen best av alle, klubbtrenar Arve Hatløy, fortalde at han ikkje torde å tenkje på gull før løpet.

- Vi hadde jo innst inne eit håp om ein medalje. Men at det skulle bli gull, det var litt i overkant av kva vi hadde trudd var mogleg no. Ikkje super-overraskande, men det var på det nivået at vi visste kva han kunne klare om alt klaffa. Det gjorde det også, sa Hatløy.

Hatløy trur Karsten no vil setje seg nye mål.

24. august er det Diamond League-stemne i Zürich, og 25.-27. august er det senior-NM i Sandnes.