Lengde var ei øving Dimna IL verkeleg slo til på første dag av junior-NM i Harstad. Johanne Rise Kvalen hoppa heile 5.50 meter på sitt første hopp i sandgropa, medan Caroline Sætre (som representerer Fiskå IL) og Anna Kleven hoppa høvesvis 5.42 og 5.14. Dei 12 beste gjekk til finalen, som går av stabelen i morgon, laurdag.

Nicolas Roppen Masters kvalifiserte seg til finalen på 100 meter i U23-klassen, på tida 11.26.

Slått ut i semien

Jonas André Ose (15) fortalde i intervju med Vikebladet Vestposten torsdag at han blei veldig inspirert av VM-gullet til klubbkamerat Karsten Warholm. Det såg ut til å hjelpe, for I sitt forsøksheat fredag formiddag blei han nummer tre, og blei dermed kvalifisert til semifinalen på 100 meter. Ose sprang i mål på tida 11,29.

I semifinalen gjekk det diverre litt for raskt for ungguten, og det var også venta at det kom til å bli vanskeleg å kvalifisere seg til ein finale i selskap med utøvarar som er opp til fleire år eldre enn han sjølv. Stortalentet rauk ut etter ein femteplass i sitt semifinaleheat på tida 11,25.