Flyet med Karsten Warholm om bord landa fredag kveld på Gardermoen, der eit felles media-Norge og mange andre hadde møtt fram for å ta i mot verdsmeisteren. To brannbilar spruta vatn over flyet, for å heidre verdsmeisteren.

- Alltid hyggeleg å bli tatt i mot på flyplassen! sa Warholm til eit samla pressekorps.

Helst skulle nok Warholm slappa mest mogleg av desse neste dagane, men han har allereie sikta inn fokuset på dei neste konkurransane, Diamond League i Zürich og senior-NM i Sandnes i slutten av månaden.

- Eg har nok vore litt søvnlaus no etter løpet, men det har vore veldig gøy også. Vi har kosa oss vi, seier Warholm.

Fekk sitte i cockpiten

Han fekk som sagt ei flott mottaking.

- Eg fekk sitte i cockpiten også, det var veldig stas!

Han fortel også at han gler seg til å kome heim til Ulsteinvik, noko som skjer i løpet av neste veke. Han skal ifølgje Sunnmørsposten delta i eit sponsorarrangement i regi av Jets under Trebaatfestivalen.

- Heimstaden min er mykje av identiteten min. Eg set enormt stor pris på alle lukkehelsingane, seier han til media.

Saka blir oppdatert.

Her landa flyet til Karsten Warholm på Gardermoen, og blei dusja av to brannbilar for å ære verdsmeisteren. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix.