Alex Scherz passerar her målstreken Hareid stadion og blir den raskaste på heilmaraton under Nordvest Maraton i fjor.
            (Foto: Ole-Ottar Høgstavoll/Arkiv.)

Alex Scherz passerar her målstreken Hareid stadion og blir den raskaste på heilmaraton under Nordvest Maraton i fjor.Foto: Ole-Ottar Høgstavoll/Arkiv.

Klart for Nordvest Maraton

Arrangørane i Hareid IL gler seg til tradisjonsrike Nordvest Maraton laurdag 19. august.

Arrangørklubben Hareid IL fortel at sidan Nordvest Maraton, første gang arrangert i 1991, er det einaste maratonløpet på Søre Sunnmøre, så er det mange som gler seg.

- Det er mange frå denne delen av fylket som gler seg ekstra mykje til nettopp Nordvest Maraton. Men tradisjonen tru kjem det også mange løparar frå både Sunnmøre og Nordvestlandet elles, ikkje så reint få frå andre plassar i Norge heller, og kanskje også nokre internasjonale deltakarar, skriv Hareid IL i ei pressemelding.

I 2014 skifta ein trasé. Tidlegare gjekk løpet frå Runde til Hareid, men i 2014 endra ein på ho, slik at både heil- og halvmaraton går innanfor Hareid sine kommunegrenser.

Les også: Sveitsar vann Nordvest Maraton: - Det er heilt nydeleg her

Løypa startar i år som i fjor og året før ved Hareid stadion, for så å gå vidare via Hareidsmyrane framover Rotarystien, deretter rundt (nesten heile) Snipsøyrvatnet, før ho går i Grimstadvatnet Rundt-traseen tilbake til Rotarystien (det vil seie frå Røyset via Kvitholvegen og etter kvart langs Hareid kyrkje). Dette før det heile blir avslutta på Hareid stadion.

- Dei som spring heilmaraton skal gjennom denne løypa to gonger, opplyser Hareid IL.

Fin løypetrasé

Løypa blir rekna for å vere noko hardare enn både Ålesund maraton og Hornindalsvatnet maraton. Ho er derimot ikkje hardare enn at fleire set personlege rekordar her, fortel arrangøren.

- Og den idylliske naturen løypa går i er det neppe nokon andre maratonar i Norge som kan slå, skriv Hareid IL.

Arrangørklubben meiner eit naturleg deltakarmål i år er på totalt, der ein må rekne med dei fleste ønskjer å springe halv distanse.

Hafsås har rekorden framleis

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33.03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner sette Louise Skak i fjor, då ho fekk tida 3.20.51. Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28.08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Informasjon for påmelding ligg på Nordvest maraton si heimeside, opplyser Hareid IL.

- Men det er ikkje absolutt nødvendig å melde seg på lenge før løpet. Ein kan også gjere det i timane før startskotet på Hareid stadion går.

Nordvest maraton-general er i år som tidlegare Vidar Vollsæter. Elles i styret sit Kim Lillebø, Bjarte Sunde, Jon Kåre Mork, Henning Røyset og Kristian Angelsen. Mellom anna blir Leiv Arne Grimstad speaker, i tillegg til at mange andre vil hjelpe til.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: