Toralv Opsal, Dimna IL tok gull under friidretts-NM junior på 400 m hekk i Harstad laurdag. (Arkivfoto, illustrasjon).

Toralv Opsal, Dimna IL tok gull under friidretts-NM junior på 400 m hekk i Harstad laurdag. (Arkivfoto, illustrasjon).

Junior-NM laurdag:

Nytt gull + to bronser

I løpet av laurdagen tok Dimna-utøvarar eit nytt gull og to bronsemedaljar i friidretts-NM for juniorar i Harstad – i tillegg til dei to fredagsgulla (Opsal og Møller Flatin).

Toralv Opsal tok sitt andre gull då han vann 400 m hekk i klasse 19G på 55,25. Deretter tok Johanne Rise Kvalen bronse i lengdehopp i J19-klassa med eit hopp på 5,69 – medan Hallbjørn Hasund Thorseth tok same medaljevalør i G22 sitt 400 m hekkeløp på 59,46.

På 200 meter vart både Jonas André Osnes (G19) og Nicolas Roppen Masters (G22) utslått i forsøka på 200 meter. Jonas fekk tida 23,58 medan Masters fekk 22,94.

Elles vart Alice Ulla Berg nr. 5 på 200 meter i J22 på tida 58,82 – medan Anna Garnes Kleven vart nr. 9 i lengdehopp i J19 med 5,05.  

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Odd 2 - Hødd LIVE

Bortekamp for Hødd tidleg måndag ettermiddag.

Teknisk utval på mogleg synfaring:

Naboar protesterer mot bustadblokk

Ulsteiningen Leif Klokk står bak mikrobryggeriet Klokk & co:

Lever ut øldraumen