Fride Møller tok gull i kappgang 3000 meter. Ho var einaste deltakar. Foto: Rune Halle.

Fride Møller tok gull i kappgang 3000 meter. Ho var einaste deltakar. Foto: Rune Halle.

To junior-NM-gull på opningsdagen

- og i dag jaktar Dimna IL bl. a. ein ny lengdemedalje.

Alt under opningsdagen i junior-NM i friidrett i Harstad fredag tok Dimna IL to gull:

Toralv Opsal vann klasse G19 i lengde med eit hopp på 6,72, medan Fride Møller Flatin - som einaste deltakar i kappgang over 3000 meter for kvinner 22 år - fekk med seg gullet på tida 15.25.63.

Men det kan bli fleire medaljar i dag. I kvinneklasse 19 år har både Johanne Rise Kvalen og Anna Garnes Kleven kvalifisert seg til lengdefinalen, som går klokka 15. Johanne hadde det tredje lengste hoppet i kvalifiseringa med 5,50 – medan Anna kom seg til finalen med eit hopp på 5,14. Johanne skulle dermed vere medaljekandidat.

I tillegg vart den same Johanne Rise Kvalen nr. 6 i høgde kvinner 19 år med 1,55.

Dimna-sprinterane Jonas André Ose og Nicolas Roppen Masters deltok på 100-meter i høvevis  G19 og G22. Jonas vart slått ut i semifinalen med tida 11.25. Nicolas nådde finalen i si klasse der han vart nr 6 med 11,27. Begge hadde litt for mykje medvind.

Johanne Rise Kvalen hoppa fredag 5,50 i lengdekvalifiseringa, og er medaljekandidat under finalen i Harstad i dag. (Arkivfoto, Arve Dimmen).

Johanne Rise Kvalen hoppa fredag 5,50 i lengdekvalifiseringa, og er medaljekandidat under finalen i Harstad i dag. (Arkivfoto, Arve Dimmen).

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Odd 2 - Hødd LIVE

Bortekamp for Hødd tidleg måndag ettermiddag.

Teknisk utval på mogleg synfaring:

Naboar protesterer mot bustadblokk

Ulsteiningen Leif Klokk står bak mikrobryggeriet Klokk & co:

Lever ut øldraumen