I helga var det junior NM i friidrett i Harstad. Dimna IL markerte seg særs bra på stemnet. Dei ende opp med 7 medaljar: 3 gull og 4 bronse.

Fredagen

Fredag tok Fride Møller Flatin gull på 3000 meter kappgang. Toralv Opsal tok gull i lengde. Nicolas Masters vart nummer 6 på 100 meter. Jonas Andre Ose enda på 9. plass på 100 meter.

Klubben sine lengdejenter imponerte også. Johanne Rise Kvalen kvalifiserte seg direkte til finalen med 5,50 m i første hopp. Anna Kleven (15 år) tok seg til finalen i junior NM med 5,14 m.

Fiskåjenta Caroline Amalie Sætre (som trenar med Dimna IL) tok seg også til finalen med 5,42 meter.

Laurdagen

Laurdag fekk Toralv Opsal gull i 400 meter hekk med tida 55,25 sekund. Hallbjørn Hasund Thorseth fekk bronse med tid 59,46 sekund.

Johanne Rise Kvalen fekk bronse i lengde med resultatet 5,69 meter.

Sundagen

I dag, sundag, fekk Toralv Opsal bronse i kule på denne siste dagen av junior NM. Toralv støtte den seks kilo tunge kula 14,10 meter.

Junior NM vart avslutta med bronse til stafettgutane Sture Måseide, Jonas Andre Ose, Nicolas Masters og Toralv Opsal.

Det var eit ungt lag som stilte i eldste klassa.

Trenar Arve Hatløy spår at det blir gull neste år. Han kommenterer til Vikebladet Vestposten at dei seier seg veldig nøgde med 3 gull og 4 bronse.