Hødd - Bryne LIVE

Kan Hødd plukke tre poeng heime på Høddvoll mot topplaget frå Jæren?
Sport

Første omgang:

Hødd fekk den perfekte opninga heime mot topplaget Bryne. Før to minutt var spelt hadde den heimvende sonen Robin Hjelmeseth sendt dei blåkvite i leiinga. Det starta med ein viktig inngripen frå Henrik Breimyr, som vann att ballen midt på bana og sette i gang eit angrep for heimelaget. Robin Shroot spelte ut til Daniel Eid, som slo inn framom mål der Hjelmeseth viste fram avsluttareigenskapane sine då han scora med sitt første touch.

Men Hødd var ikkje lenge i paradis. Etter scoringa vart det eit opphald grunna skade på ein Bryne-spelar, og det neste som skjedde etter at ballen var tilbake i spel, var scoring for bortelaget. Steffen Moltu var uheldig og stussa ballen i eige nett til 1-1.

Etter den svært målrike starten vart det nokre rotete minutt på Høddvoll, der ingen av laga skapte skikkelege sjansar. Bryne såg ut til å få ein viss kontroll over kampen, men det var Hødd som først nærma seg ei moglegheit. Daniel Eid hadde målgjevande på scoringa til Hjelmeseth, og heldt på å kopiere det etter 13 minutt. Eid vart spelt fram av Henrik Breimyr, sette fart mot linja og slo eit nytt godt innlegg, men denne gongen klarte ingen av Robin’ane å få avslutta.

Det såg ut til å inspirere Hødd og no tok heimelaget over i banespelet, med fleire fine kombinasjonar inne på Bryne sin halvdel.

Og utteljinga skulle kome. Robin Shroot skaffa frispark til Hødd på 19 meter, og fram kom Bendik Rise. Ungguten har vist tidlegare at han er farleg på dødballar, og det skulle han også vere denne gongen. Rise skrudde ballen forbi muren, via stolpen og inn. 2-1 til Hødd på laget si andre avslutning på mål.

Som på 1-1 heldt det på å gå gale med ein gong. Bryne gjekk rett i angrep, men der det vart mål i byrjinga av kampen vart det berre nesten denne gongen. Bortelaget trykte likevel til, og skaffa seg fleire dødballar på rad, som Hødd ikkje klarte å rydde skikkeleg unna.

Til slutt enda det med straffe til Bryne. Etter fleire tøffe duellar i feltet meinte dommaren at Hødd-forsvararane var for tøffe og Simen Næss fekk dermed sjansen frå krittmerket. Næss gjorde ingen feil, sende Alme ein veg og ballen den andre, og dermed 2-2 etter 24 minutt.

Dei neste ti minutta skjedde det lite på Høddvoll. Det vart mange duellar, men få skikkelege moglegheiter. Hødd klora likevel til seg eit lite overtak, og såg ut til å vere laget som var mest interesserte med å få med seg leiarmål før pause.

Det blei likevel for smått med Hødd framover og laget fann ikkje dei rette opningane. I staden fekk Bryne ei siste moglegheit før pause, etter at dommar ikkje gav frispark til Kallevåg, noko som gav bortelaget sjansen til å kontre, men headinga frå kort hald gjekk utanfor målet til Alme.

Dermed 2-2 til pause etter ein merkeleg førsteomgang der «alt» gjekk inn dei første 25 minutta, sjølv om det ikkje vart skapt særleg sjansar.

Andre omgang:

Det vart ikkje ein like forrykande start på den andre omgangen, men også her kom Hødd nære på ei tidleg scoring. Didirik Sereba vart fint spelt fram av Torbjørn Kallevåg og kantspelaren fann Bendik Rise i feltet med eit brukbart innlegg. Rise som allereie hadde scora ein gong, var ikkje like farleg med hovudet, og avslutninga gjekk vekk frå mål. Same mann fekk ei ny avslutningsmoglegheit minuttet seinare, men denne gongen fekk han ikkje fulltreff på ballen og Bryne fekk rydda unna.

Hødd pressa på og hadde ei rekkje dødballar på rappen, men utan å få noko utav dei. I staden scora Bryne på sin første sjanse i den andre omgangen. Boretlaget sette fart framover på venstresida, fekk slått over på høgre, der Mads Bøgild var heilt åleine på bakarste stolpe. Han avslutta med første berøring og ballen gjekk like over skuldra på Ole Monrad Alme og i mål.

Då gjekk lufta litt ut av Hødd og det tok litt tid før laget fekk sett nytt trykk mot Bryne-målet. Trykket skulle likevel kome, og Hødd fekk også ballen i mål etter å ha hatt ei rekkje cornerar. Men målet blei ikkje godkjent. Kva som var årsaka til annulleringa var vanskeleg å sjå, men i etterkant fekk Jesper Törnqvist gult kort. Det var hans andre i kampen og dermed raudt på Hødd-kapteinein.

Hødd måtte difor avslutte kampen med ti mann. Ikkje det utgangspunktet ein ønskte seg i jakta på utlikning. Heimelaget gav likevel ikkje opp, og Robin Hjelmeseth var berre halvmeteren frå å sette inn 3-3 med ei god avslutning frå 20 meter. Hjelmeseth gjorde ein fin figur i sin retur til Høddvoll og var farleg frampå fleire gongar.

Bryne låg lavt i bana og venta på kontringssjansar. Der var også bortelaget farlege, og det vart også mykje rom for bortelaget i Hødd si jakt på scoring. Heimelaget hadde ballen mykje, men var for upresise med den og klarte ikkje å finne hola i Bryne-laget.

Eitt hol fann dei etter 81 minutt, då Robin Shroot og Hjelmeseth kombinerte fint midt i banen, før ballen vart sendt vidare til Bendik Rise som sende i veg eit godt skot, men der var Deniss Korneiciks på plass og redda.

No såg det ut til at Hødd fekk litt trua på det, og dei rulla fint opp på venstresida der Didrik Sereba kom i god innleggsposisjon, men der innlegget ikkje stod i stil til spelet i forkant.

Hødd måtte framover, men i det kampen gjekk inn i overtida var ballen på heimelaget sin halvdel og Bryne hadde kontroll på poenga. Hødd fekk ein sjanse til å flytte opp mykje spelarar etter eit innkast, men laget fekk ikkje avslutta og Bryne kunne dermed rydde opp. Topplaget skapte ikkje mykje på Høddvoll, men dei gjorde nok til å sikre seg alle tre poenga, og dermed vart det eit nytt surt tap for Hødd.

Følg med på kampen i vindauget over. Kampstart er klokka 18.