Daniel Eid var tilbake etter skade til kampen mot Bryne, og sjølv om det var godt å kome i spel igjen etter eit lengre avbrekk, vart det ikkje nokon jubeldag for Eid.

- Vi spelar ein veldig god førsteomgang, tek leiinga to gongar, men dei får to kjipe mål. Eg synest også vi startar bra i den andre omgangen, men dett litt etter det tredje målet deira. Deretter får vi ein mann utvist, og då blir det tungt på slutten. Det er kjipt. Veldig kjipt. No er det ein skuffa gjeng i garderoben, fortel Eid.

Han vart bytta ut like etter utvisninga til Jesper Törnqvist. Då kapteinen fekk sitt andre gule var Eid i heftige diskusjonar med motspelarar og dommaren, men han fortel at det var andre grunnar til at han måtte ut.

- Nei, då var eg rett og slett heilt ferdig. Eg gav 100 prosent i 70 minutt og då hadde eg dessverre ikkje meir.

Men Eid kan gle seg over å vere tilbake i spel for Hødd.

- Eg har venta lenge på å kome tilbake og det var godt å få spele igjen, men resultatet gjekk dessverre ikkje vår veg.

Knallstart

Eid var involvert frå start, då han la den avgjerande pasninga før Robin Hjelmeseth si scoring til 1-0. Og Hødd fekk ein knallstart.

- Vi går opp i leiinga tidleg, men så kjem dei tilbake på eit sjølvmål. Vi tek leiinga igjen, men så får dei straffe og det blir 2-2. Eg har blitt fortalt at det var ein del halding og at det var greitt med straffe, men eg synest også vi kunne fått ei, fortel Eid.

Hødd tok leiinga to gongar mot laget som toppar avdelinga, men dei blåkvite har ikkje marginane med seg. Det har Bryne i klart større grad.

- Eg synest vi er betre enn dei, spesielt i den første omgangen. Det ser ikkje ut som at det er så stor forskjell på laga, men til slutt så er det dei tre poenga som tel. Vi må vere smartare når vi tek leiinga. Det sit mykje i hovudet, meiner Eid.