Hødd tapte til slutt 2-3 i heimekampen mot Bryne søndag. Heimelaget tok leiinga to gongar, men begge gongane slo Bryne tilbake etter kort tid. I den andre omgangen gjekk også bortelaget opp i leiinga, og då Hødd pressa på for utlikning fekk Jesper Törnqvist sitt andre gule kort for å ha slått ballen i mål. Det første fekk han etter at Bryne fekk straffe i den første omgangen.

Med to gule kort vart det også raudt kort på Törnqvist, hans første i Hødd-drakta, og eitt han ikkje synest var fortent. Det gjorde heller ikkje Bryne-kaptein Landro, som etter kampen sa at han prøvde å få dommar til å la vere å gje gult.

Strengt

- Dei fleste ser nok på reaksjonen min at eg ikkje var einig i det. Ballen treffer meg i handa, og difor endrar den retning og går i mål, og det blir vel oppfatta som at eg prøvar å slå ballen i mål, men slik var det ikkje, slår Törnqvist fast.

- At eg får gult kort og blir utvist for noko sånt synest eg er veldig strengt, legg han til.

Med ein mann utvist vart det tungt for Hødd i sluttminutta, sjølv om laget jaga utlikning så godt som råd. Den kom ikkje, og sjølv om Hødd var heilt på høgde med Bryne, så vart det ikkje poeng denne gongen heller.

For sjølv om starten var perfekt, med scoring før det var gått to minutt, så er det framleis for enkelt å score mål på Hødd.

- Vi får ein veldig god start, men så får vi eit kast imot som går nesten rett i mål. Vi er for dårlege på å handtere dødballar, og gir vekk for mange av dei, sjølv om vi veit at dei er gode på det. Vi gir vekk for mange kast og cornerar, og det scorar dei to mål på, fortel Hødd-kapteinen.

For mange baklengsmål

Det første baklengsmålet var eit sjølvmål, og det andre kom på straffe etter at dommaren meinte det var for mykje halding i feltet på ein corner. Dermed 2-2, sjølv om straffesparket var Bryne si første avslutning på mål. Det seier noko om at det er for enkelt å score på Hødd.

- Ja, vi slepper inn tre i dag, og det åtte baklengsmål på dei siste tre. Det er altfor mykje, men samstundes så slepper ikkje vi til så mykje i ope spel. Vi slepp inn for mykje dødballmål og ein del på overgangar etter våre dødballar. Fotball handlar om å meistre alle delar av spelet, det held ikkje at vi er gode i ope spel, meiner Törnqvist.

God kamp - skuffande resultat

Hødd har denne sesongen lagt om til å spele med tre stopparar. Sjølv om det har blitt åtte baklengs på dei tre siste kampane, trur ikkje Törnqvist det er formasjonsendringa som har skulda.

- Eigentleg slepp vi til lite i ope spel, og det er det ein må måle det mot. På dødball betyr det ikkje så mykje kva formasjon ein spelar i. Eg synest eigentleg det verkar bra og at vi har funne meir og meir utav det. Vi spelte eigentleg ein god kamp i dag, og det må vi ta med oss, sjølv om det er forferdeleg skuffande akkurat no. Det er lita trøyst akkurat no, men vi må ta med oss det vi var gode på i denne kampen. I dag var det mange spelarar som gjorde ein god kamp, men vi var også for svake i nokre delar av spelet.

Törnqvist meiner Hødd kan ta med seg mykje positivt frå prestasjonen mot Bryne, og at ein må gjere mykje av det same borte mot Odd 2 i neste serierunde. Der får ikkje kapteinen vere med etter hans to gule kort.

- Det er forferdelig skuffande at eg ikkje kan vere med å bidra der, avsluttar stopparen.