- Eg snakka med Sindre (Eid, Hødd-trenar red.anm), og etter ein hyggeleg samtale sa eg i frå til han at eg kjem til å halde meg i Hareid ut sesongen, seier Ruben Kenneth Brandal til Vikebladet Vestposten.

Det var Vikebladet Vestposten som for snart to veker sidan meldte at den erfarne backen, med ei lang fortid i nettopp Hødd, var aktuell for dei blåkvite igjen.

Det er ei kjent sak at Hødd ikkje har mange alternativa på back-plassane. Heldigvis var Daniel Eid tilbake for Hødd i Bryne-kampen søndag, og Preben Sætre kom inn i løpet av kampen. Vegard Heltne er som kjent skadd, og er framleis ute i opp til 5 veker.

Les saka her: - Eg blei litt overraska

Brandal fortel til lokalavisa at han føler Hareid har mykje spanande på gong, og at det på noverande tidspunkt ikkje kan tenkje seg ein overgang. Døra er med andre ord på gløtt framleis, men det er altså heilt sikkert at han blir å ha på seg den raude drakta resten av sesongen.

- Eg har det fint her eg er no, og eg fokuserer på det vi driv med, seier Ruben Kenneth Brandal til slutt.