- Eg tok flyet til Hovden, og eg trur dei andre passasjerane la merke til kor sliten eg var, for dei let meg vere i fred, sa Karsten Warholm til Vikebladet Vestposten seint søndag kveld.

No skal han vere heime i Ulsteinvik denne veka.

Måndag kveld vert det ei kort markering saman med gullvinnaren i Ulsteinhallen.

I ei pressemelding skriv leiar i Dimna IL, Trond Berg, at klubben er stolt over å ha ein nybakt verdsmeister i friidrett.

Klokka 1800 skal Warholm kome inn i hallen, og klubben har sett av 45 minutt til at 21-åringen skal møte publikum der.

Ulstein kommune vil saman med Dimna IL arrangere ei  større markering seinare i haust, opplyser klubben i pressemeldinga.