Tysdag ettermiddag vart det klart kven som skal vere Hødd sin nye daglege leiar. Klubben kalla då inn til ei pressekonferanse der ein ville presentere kven som tek over stillinga etter Kari Mette Sundgot.

Oddmun Davik Otterlei er Hødd sin nye daglege leiar.

- Eg er frå Brattvåg, har jobba 18 år på Brattvåg ungdomsskule. Fotball har eg holdt på med heile livet, har spelt 375 kampar for Brattvåg og vore hovudtrenar der i fem år. Eg har også trena Norborg. I år trenar eg to yngre lag i Brattvåg, og eg sit i styret der, fortel Otterlei.

- Dette er noko eg gler meg veldig mykje til. Det er litt usikkert når eg kan starte. Straks det er på plass ein rektor så er eg klar til å byrje her, fortel Otterlei.

- Vi er særs nøgde med å ha fått på plass ein dagleg leiar og ønskjer Oddmund velkomen inn i Hødd-familia, skriv Håvard Haanes i ei pressemelding.