Hødd opna haustsesongen med heimekamp mot Herd-rekruttane tysdag kveld. Hødd låg likt med FK Sykkylven og Blindheim i toppen av avdelinga før denne kampen.

Oppgjeret starta avventande, og det vart ikkje skapt særleg i opninga. Dei første ti-femten minutta vart det ikkje registrert skudd på mål, men det skulle endre seg etter eit kvarters spel.

Då spelte Hødd seg fram på høgresida, før ballen vart spelt på tvers langs sekstenmeterstreken. På motsett side kom Susann Brandal Kragset framover og smelte til på direkten. Ballen fauk kontant opp i det næraste krysset, og Hødd tok leiinga med 1-0.

No hadde Hødd eit visst grep om banespelet, men utan å finne dei rette opningane eller dei rette pasningane på siste tredjedelen. Heller ikkje Herd skapte særleg, men mot slutten av omgangen var det bortelaget som viste mest.

Seks minutt før pause kom også utlikninga, og det var ikkje langt frå at Herd gjekk til pause i leiinga. Få minutt før pause gjekk fekk dei nemleg straffe, men denne vart plassert på utsida av stolpen til Gro Elise Aksnes i Hødd-målet.

Hødd gjorde eit par byter før den andre omgangen, og innbytar Stine Marø Sundgot var ikkje langt frå å få ein perfekt start då ho sende i veg eit langskot som strauk over Herd-målet.

Hødd hadde ein halvsjanse og ein småfarleg corner i opninga på andreomgangen, men det var Herd som tok leiinga. Bortelaget sitt andre mål kom etter ein corner, der Hødd ikkje klarte å rydde unna i eige felt.

Med overtak på kampen såg det også ut til at Herd fekk meir trua på det dei heldt på med. Hødd fekk ikkje til spesielt mykje i angrep, og gav for ofte vekk ballen i farlege situasjonar. Det skjedde også etter 62 minutt då Herd fekk ein overgang på venstresida som blei utnytta på beste vis. Det vart sett stor fart framover før ballen vart slått over på høgre der Sofie Helsem Moldskred tuppa den tilbake i lengste hjørnet.

Men Hødd skulle svare med ein gong. Dommaren gav heimelaget frispark like utanfor hjørnet av 16-meteren og Ellen Nerland Aahjem banka til på direkten. Keeper var på ballen, men klarte ikkje å halde den ute og dermed ny spenning i kampen.

Kvarteret før slutt varta Hødd opp med fint spel, som enda med ein ball ut til Marte Aarsand Vik. Ho tok med seg ballen til linja og slo ut der Ine Sleipnes fekk avslutta frå sju-åtte meter, men keeper var fint nede og redda. Ein stor sjanse til Hødd.

No prøvde Hødd å sette inn eit skikkeleg trykk for å sikre ei utlikning, og dei pressa seg til fleire cornerar i løpet av kort tid. Dessverre for heimelaget var ikkje dødballane spesielt godt utnytta, og laget klarte ikkje å skape dei store sjansane.

Hødd sitt spel vart for ofte prega av manglande bevegelse og for mange svake pasningar. Det førte til ein urytmisk kamp for heimelaget.

Ine Sleipnes tilførte fart og gjennombrotshissigheit på topp mot slutten av kampen, og fekk ein bra sjanse då ho sprang frå forsvaret tre minutt før slutt. Sleipnes valte då å skyte frå temmeleg langt hald, og ballen gjekk nokre meter til side for mål.

Ellen Nerland Aahjem fekk også ei bra moglegheit kort tid seinare, men avslutninga i næraste hjørnet vart ikkje godt nok plassert til å overliste keeper.

Hødd pressa på med det dei hadde i sluttminutta, men det ville seg ikkje for dei blåkvite. Den manglande presisjonen straffa seg, og kort tid før dommaren bles av sette Herd inn sitt fjerde etter at Hødd rota vekk ballen på eigen halvdel. Det enda med eit frispark til Herd, og det vart slått via ein Hødd-spelar og i mål til 2-4. Dermed tap i første haustkampen for Hødd.

Hødd - Herd 2-4 (1-1)

Høddvoll

Mål Hødd: 1-0 Susann Brandal Kragset (15), 2-3 Ellen Nerland Aahjem (63)

Hødd: Gro Elise Aksnes - Vilde Sunndal, Karoline Dahl (Hannah Rekdal), Merete Terøy, Susann Brandal Kragset - Andrine Nevstad (Madelen Gustavsen), Therese Holstad, Marte Aarsand Vik, Pia Notanes Brandal (Stine Marø Sundgot (Cecilia Bakke)), Ellen Nerland Aahjem - Anna Thunem Nygård (Ine Sleipnes).