Tysdag kunne IL Hødd Fotball presentere sin nye daglege leiar. Prosessen for å finne rette personen har vart i lengre tid, men Hødd har klart å halde korta tett til brystet.

Styreleiar Håvard Haanes fekk dermed sjølv avsløre at den nye Hødd-sjefen heiter Oddmund Davik Otterlei.

– For oss var det viktig å få inn ein med leiarerfaring. Ein som er inkluderande og byr på seg sjølv, men som også står veldig støtt. Hødd er ein klubb med mykje kjensler og mange meiningar, og då er det greitt å stå ganske støtt. Det at han har fotballbakgrunn er også ein fordel, sjølv om det ikkje var eit absolutt krav. Det at han også har arbeidd med oppvekst, som rektor og lærar i ungdomsskulen, og har den brytninga med foreldre og elevar, det er ganske likt det som går føre seg i ein fotballklubb, i alle fall i fotballklubben Hødd. Han peika seg tidleg ut som ein av dei sterkaste kandidatane, men vi har køyrt ein profesjonell prosess slik at vi ikkje skulle feile på reisa. No er vi trygge på at vi har funne den beste kandidaten, fortel styreleiar Håvar Haanes i IL Hødd Fotball.

Otterlei kjem frå stillinga som rektor ved Brattvåg Ungdomsskule. Han er også frå Brattvåg, og bur der saman med familien. På pressekonferansen kom det fram at Hødd sin nye daglege leiar blir buande i Brattvåg, men både han og familien er budde på at jobben vil medføre mykje tid i Ulsteinvik.

Sjå video frå pressekonferansen på våre Facebook-sider

Glir godt inn i Hødd-familien

I tillegg til å jobbe i skulen har Otterlei mellom anna vore hovudtrenar både i Brattvåg og Norborg, og er for tida styremedlem i Brattvåg IL.

– Eg føler at eg har personlege eigenskapar som passar godt inn med Hødd sine visjonar og mål. Slik sett trur eg at eg skal gli godt inn i Hødd-familien. Eg håpar også at bakgrunnen min, der eg både har fotballbakgrunn, samt erfaring med leiing og organisasjon, ein ganske allsidig bakgrunn som gjer at eg har eigenskapar som passar godt inn i Hødd.

Det var likevel ikkje slik at han gjekk og venta på ei slik stilling.

– Det kom veldig brått på meg, men då ein byrja å tenke på at her har ein ei moglegheit til å vere med på noko i ein så stor klubb som Hødd, så må ein ta den sjansen. Det kjem truleg ikkje slike moglegheiter igjen. Då vart det veldig freistande, og meir og meir freistande di lenger eg tenkte på det. Det er mykje verre å angre på noko ein ikkje har gjort enn på noko ein har gjort, seier han.

Positiv familie

Som nemnt er planen at familien framleis skal bu i Brattvåg, men Otterlei fortel at dei har vore svært positive til hans nye stilling.

– Familien står bak det og det er viktig for meg. Det var samrøystes, og det var eg som tenkte lengst, fortel han.

Otterlei skal ta over for Kari Mette Sundgot, som nyleg gjekk inn i stillinga som økonomisjef i Volda kommune. Han kjem også inn i klubben i ei periode der toppsatsinga har gått på nokre resultatmessige smellar, og det er ikkje tvil om at stillinga som dagleg leiar i Hødd har med seg ein del utfordringar.

– Når det gjeld toppsatsinga så skal eg vere med på å legge til rette for at Sindre (Eid journ. anm) og A-laget kan gjere det best mogleg. No har eg litt vondt i kneet, så eg kan ikkje gå inn og spele sjølv, skjemtar Otterlei før han legg til.

– Men eg skal vere med på å legge til rette og for at heile Hødd-familien skal løfte i lag. Det gror også godt bak. Det viser rekruttlaget som toppar 4.-divisjon og det kan kome ein del unge lovande som blir med på å løfte A-laget til Hødd i åra framover.

Alle skal ha eit tilbod

Håvard Haanes har også vore inne på at stillinga som dagleg leiar ikkje berre handlar om toppfotball, men om heile IL Hødd Fotball.

– Det er også viktig, at vi tek vare på breidda og at alle skal ha eit tilbod i Hødd. Den som vil trene mykje må få høve til det, og dei som ikkje vil trene fullt så mykje må få høve til det innanfor dei rammene ein har, fortel Otterlei.

For tida er André Nevstad sjukmeld frå stillinga som sportssjef. I denne perioden er det André Skotheim som tek seg av denne rolla. Styreleiar Haanes slår fast at ein ikkje skal tilbake til ei kombinert stilling, slik som Nevstad hadde for eit par år sidan.

– Kari Mette hadde økonomi i tillegg, og det skal ikkje Oddmund ha. No blir det kanskje ei meir tydleg leiarrolle, der han skal vere lagkapteinen på Hødd. Sporten og den jobben André har er ein stor og omfattande jobb, og no skal han få kvile såpass at han kan kome tilbake og gjere den på ein glimrande måte. Vi skal både ha ein sportssjef og ein dagleg leiar, for å seie det slik, seier Haanes.

Han legg til at ein kanskje vil ”stokke korta” på ein litt anna måte i tida framover.

– Men det er eit arbeid som Oddmund skal vere med på. Der han får kjenne på kva han meiner er best for Hødd.

– Det er veldig interessant, og det blir litt slik at ein får vere med på å forme stillinga litt på nytt, legg Otterlei til.

Håpar å starte så snart som råd

Styreleiaren har tidlegare sagt at ein har håpa på å få på plass den daglege leiaren så snart som råd. No er rette mannen komen på plass, men det tek truleg litt tid før han kjem skikkeleg i gong på Høddvoll.

– I lengste fall så er det 1. desember, sidan eg har tre månadars oppseiingstid. Eg trur og håpar likevel at det skal vere på plass før den tid, kanskje i løpet av ein månad. Eg håpar det, både for Hødd sin del, men også for skulen sin del at ein rektorkandidat er klar til å ta over ganske snart, seier Otterlei.

Håvard Haanes fortel at styret vurderte om det skulle vere eit kriterium kor lang tid det ville ta før kandidatane kunne tre inn i stillinga.

– Det blei det ikkje. Dette er eit langsiktig val. Om det er i september, oktober eller november er ikkje det som gjer at vi endar på ein kandidat. Vi håpar samstundes at han kan starte så fort som råd! seier Haanes til slutt.