Torsdag kveld kjem Emblem til Hareid stadion for det som blir Hareid sin første heimekamp i haustsesongen. Hareid fekk ein god start på andre halvdel med siger borte mot Langevåg sist, men står truleg ovanfor ei tøffare oppgåve denne gongen.

Emblem kjem nemleg frå ei solid nedsabling av Norborg, der det til slutt blei heile 6–0 til torsdagens bortelaget.

På tabellen er det likevel Hareid som har det klart beste utgangspunktet, med ein femteplass etter 12 serierundar. Emblem er nede på ein niandeplass, åtte poeng bak Hareid.

Før sesongen var det mange som tippa Hareid på nedre halvdel i 4.-divisjon, men så langt har laget gjort sine saker bra. Berre Bergsøy har færre baklengsmål enn Hareid. Framom motstandar sitt mål har ikkje Hareid vore like imponerande, med 15 mål på 12 kampar, men med solid defensivt spel har det vore nok til fem sigrar og fire uavgjorte kampar så langt. Berre tre har enda med tap.

Comeback og debut?

Hareid må klare seg utan kaptein Ruben-Kenneth Brandal mot Emblem. Han fekk sesongens tredje gule kort i kampen mot Langevåg. I tillegg er Fredrik Andresen skadd.

Ein som kan vere speleklar er Henrik Grimstad. Den tidlegare Hødd og Brattvåg-spelaren er no registrert i Hareid IL, og kan få debuten sin mot Emblem.

– HG har vore og er framleis ein veldig god fotballspelar. Han må kome i sving slik at han greier å flytte kroppen, både ofte nok, fort nok og lenge nok, men han har trena ok denne veka og eg trur det blir bra. Nei, eg veit at det blir bra, fortel Hareid-trenar Kenneth Moldskred.

Han kjenner Grimstad godt frå før, mellom anna frå tida då Grimstad spelte for Hødd-rekruttane. I 2014 vart han kåra til årets spelar på rekruttlaget i lokalavisa sin spelarbørs.

– Han er ein dyktig fotballspelar og ein flott person, og han kjem til å bli ei flott tilvekst for oss. Det treng vi også, meiner Moldskred.

Mot Langevåg gjorde Kim-Tore Husøy comeback for Hareid. Då som innbytar, men ifølgje Moldskred blir det startplass for veteranen torsdag.

– Kim-Tore valte vi å prøve å få med no etter sommaren då vi mista Runar Stranden, og det i tillegg var litt uvisse rundt nokre spelarar. Vi har ikkje større stall enn at det blir ein kabal med både G16, G19 og A-laget. Vi har allereie ein veldig ung stall, med fleire gutespelarar og mange juniorspelarar. Vi følte då at det var fornuftig med påfyll av både kvalitet og kvantitet, og med tanke på aldersspenn, og då spurte vi om Kim-Tore hadde moglegheit og lyst til å vere med. No har han trent godt i tre veker, han kom inn sist og startar i dag.

Norway Cup-markering

Før kveldens kamp mot Emblem blir det også ei markering for Hareid IL sine ferske Norway Cup-vinnnarar. G16-laget til Hareid gjekk til topps i A-sluttspelet i si klasse.

Henrik Grimstad har mellom anna spelt for Hødd, Bergsøy og Brattvåg. Mot Emblem kan det bli Hareid-debut.