Om det har vore ein ny Karsten Warholm i sving på tartandekket på Høddvoll denne veka må vi vente ein del år for å sjå, men det er liten tvil om at mange barn har fått eit positivt møte med friidretten under årets Idrettsleikar.

– Det har vore veldig kjekt!

Det seier Ida og Adele, begge ti år, og to av nærare 100 deltakarar på Idrettsleikane.

– Vi har blitt kjent med mange som vi ikkje kjente frå før. Springing og hekk har vore det aller kjekkaste, meiner jentene.

Hekkeløp er tingen

Også Emma (11år) synest det har vore veldig kjekt med Idrettsleikar. Ho trenar også friidrett i Dimna IL til vanleg.

– Eg synest det er veldig gøy med friidrett. Sprint og alt mogleg eigentleg. Nokre gongar har eg også slått «persen» min, mest i hekk, fortel ho.

Og spesielt hekkeløp er visst veldig gøy. Emma har ei bra forklaring på kvifor.

– Det er kjekkast med hekkar, for då har eg noko å gjere på medan eg spring, seier ho.

Ungdomen instruerer

Det er Dimna IL som arrangerer Idrettsleikane, og det er utøvarane i klubben som er instruktørar.

Saman med Iselin Chemmai Sundgot har Johanne Rise Kvalen hatt ansvar for planlegging og gjennomføring. I tillegg har ein hatt om lag 20 instruktørar.

– Vi har arrangert leikar og vi har prøvd å gå gjennom alle friidrettsøvingane, slik at deltakarane får eit lite innblikk i friidretten, fortel Rise Kvalen.

Med om lag hundre energiske ungar å halde styr på blir det også litt jobb for instruktørane, men Rise Kvalen meiner det har vore ei bra oppleving.

– Det har vore kjekt. Det er mykje å ha ansvar for, men deltakarane er veldig kjekke. Det kan vere litt vanskeleg når alle skal samlast, men det har stort sett gått veldig bra, seier ho.

Viktig

Dimna-leiar Trond Berg fortel at Idrettsleikane er ein del av klubben si langsiktige satsing.

– Det er viktig både for den langsiktige rekrutteringa og også ein viktig arena for å rekruttere instruktørar og hjelpetrenarar. Idrettsleikane er ei veldig positiv sak, som vi også ser effekten av.

Kor mange av deltakarane som ender opp i friidretten veit ein ikkje, men Idrettsleikane er eit steg på vegen mot eit viktig mål for Dimna.

– Vi driv klubben for at flest mogleg skal verte glade i idrett, fortel Trond Berg.

Full fart: Det var ingenting å utsette på innsatsen under idrettsleikane på Høddvoll. Her blir det sett full fart på veg mot mål. Alle foto: Andreas Steinnes Bjerknes. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes