Sindre Eid slår fast at Hødd tok tre viktige, men også svært fortente poeng borte mot Odd 2.

– Vi har full kontroll, men gir vekk ei billeg straffe igjen. Det var veldig unødvendig for då hadde ikkje Odd 2 noko å kome med. Dermed blei det sjølvsagt litt hektisk, seier Sindre Eid etter å ha sett Hødd ta tre viktige poeng på bortebane.

Eid meiner Hødd spelte ein veldig god bortekamp, der dei hadde god kontroll, skapte mykje og sleppte til lite bakover.

– Vi har eigentleg spelt tre ganske bra kampar på rad no, men no klarte vi å vinne. Vi møter også eit lag som startar med sju mann frå Eliteserietroppen sin og det var ikkje noko dårleg lag vi møter. Eg er veldig stolt av det gutane leverer, seier Eid.

Gjorde godt

Med mellom anna Etzaz Hussain frå start fekk heimelaget første målsjansen i kampen, men det var Hødd som fekk første scoringa. Og Hødd tok også betre vare på sjansane sine enn dei har gjort i mange kampar denne sesongen. Det var også første seriekampen i år der Hødd scorar fire mål.

– Vi skulle gjerne scora eitt til, 5–1 hadde gitt eit betre bilete på kampen. Det var kjekt, og gjorde veldig godt både for gutane og for trenarteamet, avsluttar Hødd-trenaren.

Sist veke var Torbjørn Kallevåg tilbake frå skade. Mot Odd 2 returnerte han også til scoringslista for Hødd. Kallevåg sette inn 1–0 etter 25 minutt. Ei passande markering av 24-årsdagen.

– Vi var gode siste mot Bryne, og hadde eigentleg full kontroll i dag også, sjølv om det blei litt stress etter 3–2. Vi var likevel desidert best og eg synest vi spelar ein veldig god kamp i dag, fortel Kallevåg.

Tilfeldig baklengsmål

Etter at Didrik Sereba sette inn Hødd sitt tredje mål såg det ut til at heimelaget gav opp, og Hødd gjorde som dei ville på Skagerak Arena.

– Då tenkte vi berre at vi skulle halde på ballen og styre spelet. Dei kom ikkje opp i press på oss og vi hadde ballen nesten heile tida. Så får dei ein dødball og det ender med straffe. Det er eit litt tilfeldig mål dei får, men det var slik vi sleppte inn sist kamp også, så vi må vel nesten berre forvente det.

Då kom Bryne tilbake, fekk først uavgjort, før dei snudde kampen. Denne gongen heldt Hødd stand, og i staden for utlikning sette Robin Shroot inn Hødd sitt fjerde.

– Det er ein av dei beste kampane vi har spelt i år. Vi har ballen mykje, skaper mykje og er rolege og tolmodige med ballen.

Kallevåg er einig med Sindre Eid i at det var ein kamp som like gjerne kunne ha enda 5–1 til Hødd.

– Ja, vi hadde klart flest sjansar og har vel ballen nærare 70 prosent av tida.

Formasjon som passar laget

Midtbanespelaren er Hødd sin toppscorar og er no oppe i sju fulltreffarar. Dessverre for dei blåkvite måtte Kallevåg sjå fleire kampar frå sidelinja grunna skade, men han er no tilbake for fullt.

– Siste ti minutta mot Bryne var eg litt sliten, men no kan eg berre køyre på. Eg er tilbake der eg var før skaden, meiner Kallevåg.

Det er godt nytt for Hødd sin del. Godt nytt er det også at laget har begynt å score mål. Med fire mot Odd 2 er ein oppe i åtte på dei siste tre. Kallevåg meiner Hødd bør klare å score meir mål denne hausten enn det laget har gjort så langt.

– No spelar vi med to spissar, medan vi som spelar på midten er ganske frie. Formasjonen synest eg passar oss godt og det har ein sett siste tre kampane, sjølv om berre ein har enda med siger. Vi får mykje gode kombinasjonar, både utanfor og innanfor 16-meteren. Mykje fint spel og vi skapar også ein del store sjansar. Det meiner eg lovar godt, seier Kallevåg.

Sindre Eid var godt nøgd med spelarane etter 4-2 sigeren over Odd 2.