Sindre Eid åtvara mot det på førehand. Sjølv om Odd 2 så langt har vore eitt av botnlaga i avdelinga, så var det ikkje utenkeleg at dei kunne stille med fleire Eliteseriespelarar til kampen mot Hødd.

Slik vart det også. Frå start stilte heimelaget mellom anna med Torbjørn Agdestein, Stefan Mladenovic og Etzaz Hussain. Heimelaget fekk også kampens første store moglegheit, men Hødd fekk rydda unna.

Scoring og baklengs

Det vart ikkje skapt spesielt mykje frå start, men etter 25 minutt gjekk Hødd opp i leiinga. Daniel Eid kom seg fri på kanten og fekk slått inn framom mål. Ballen enda til slutt hos Torbjørn Kallevåg på 15 meter, som plasserte ballen nede i næraste hjørne.

No tok Hødd verkeleg tak i kampen, og Daniel Eid var ikkje langt frå å doble leiinga få minutt seinare etter fint Hødd-spel, men keeper fekk slått til corner.

Sist helg tok Hødd leiinga to gongar mot Bryne, men enda med å tape kampen. Også denne gongen kom motstandar tilbake i kampen. Ti minutt før pause vart ballen slått inn framom Hødd-målet, der Torbjørn Agdestein stod heilt åleine på tre meter og kunne pirke ballen over linja.

I føringa

Ved pause var det uavgjort på Skagerak Arena, etter ein omgang der Hødd var best, men der det var jamt i sjansestatistikken.

Det tok ikkje mange minutta i den andre omgangen før Hødd var tilbake i leiinga. Ei strålande bakromspasning fann Robin Shroot, som lurte offsidefella, fekk kontroll på ballen og sette inn 1–2. Ein veldig god start på omgangen for Hødd.

Ti minutt seinare vart Didrik Sereba spelt fram i Odd-feltet og vingbacken gjorde ingen feil framom mål. Sereba gjekk innover i banen og plasserte ballen tilbake i motsett hjørne. Dagens tredje Hødd-mål for eit effektivt bortelag.

Etter målet til Sereba såg det ut til at lufta gjekk litt ut av heimelaget. Hødd fekk trille ball som dei ville. Hødd senka tempoet i kampen og Odd 2 klarte ikkje å utfordre dei blåkvite.

Straffe imot – igjen

Hødd såg ut til å ha full kontroll på kampen, men etter at eit frispark blei slått inn i feltet fekk Odd 2 straffespark. Det andre mot Hødd på to kampar.

Stefan Mladenovic var sikker frå 11 meter og sette ballen i mål til 2–3. Dermed vart det også meir spanande enn det Hødd hadde håpa på mot slutten.

Målet gjorde at kampen opna seg veldig opp. Odd 2 fekk litt meir tru på at dei kunne få med seg eit resultat, men det gav også Hødd fleire kontringssjansar, som bortelaget burde tatt betre vare på. Bendik Rise var også nære med eit frispark frå 17 meter, men forsøket vart stonga unna.

Robin Shroot hadde også eit par store sjansar frå kort hald, men avslutningane til briten vart blokkert av Odd-forsvaret.

På overtid skulle han få utteljing. Hødd kontra og keeper kom heilt ut på midten for å avskjere, men Shroot var først på ballen og hadde plutseleg ein halvdel for seg sjølv. Han kunne dermed spasere inn sitt andre mål for dagen og sikre tomålssiger for bortelaget.