Ådne Andersen (800m og 1500m), Toralv Opsal (400m hk og lengde), Karsten Warholm (400m og 400 m hk), Nicolas Roppen Masters (100m og 200m), Fride Møller Flatin (3000m kappgang), Johanne Rise Kvalen (lengde), Marthe Mjøen Berg (400m hk) og Renate Grimstad (lengde). Det er Dimna IL sin tropp til NM i Sandnes som startar fredag.

Den største favoritten av dei åtte Dimna-utøvarane er naturleg nok VM-vinnar Karsten Warholm. Han er favoritt både på 400 meter og 400 meter hekk, så sant han har att krefter etter ein lang sesong, og etter finalen i Diamond Leage torsdag kveld.

Toralv Opsal noterte seg for personleg rekord på 400 meter hekk under den nordiske junior-landskampen i Umeå i helga, og kan nok blande seg inn i medaljekampen på denne øvinga i Sandnes.

Fride Møller Flatin er nok også medaljekandidat på 3000 meter kappgang, dersom ho får til eit godt løp.

Ådne Andersen har nyleg "persa" på 1.52,10 på 800 meter under Tjalveleikane, der han også leverte ei bra tid på 1500 meter.

Det blir også spanande å sjå kva Marthe Mjøen Berg og Renate Grimstad får til i Sandnes. Begge har vore råka av mykje skadar dei siste sesongane, men er kvalifiserte til deltaking i NM.

Meir om NM og Dimna-troppen kjem nærare meisterskapen.