For Hødd kontrollerte det meste på Nissekollen og skapte også klart flest sjansar. Hødd måtte likevel ha straffe for å score og den manglande effektiviteten framom mål skulle straffe seg. På eitt av få tilfelle der Hødd svikta defensivt fekk Christoffer Engan ein gåvepakke frå Hødd-spelarane og kunne banke inn 1-1, som også vart sluttresultatet. Etter scoringa hadde Hødd sjansen til å ta tilbake leiinga nærast umiddelbart, men dette var ikkje dagen for Hødd framover i banen.

Utilgiveleg

Etter kampen var trenar Sindre Eid klar på at dette var ein kamp Hødd burde ta tre poeng i.

– Eg er fornøgd med mykje av det vi gjer, vi går ut og er det beste laget. Vi skaper også mest. Sjølv om det er periodar der vi ikkje er like bra, så fortener vi å vinne denne kampen. Det er eit utilgiveleg baklengsmål som gjer at vi ikkje kan reise heim med tre poeng, seier Eid.

Baklengsmålet kom etter at Hødd hadde hatt corner. Nardo kontra og sjølv om Hødd var i overtal defensivt, så skapte Bendik Torset og Didrik Sereba større problem for kvarandre enn for Engan.

1–1 scoringa svei for Hødd, og det var eit mål ein burde klare å unngå.

– Vi skal klare å forsvare oss betre enn det. Det er berre tull. Akkurat no kjennest dette som eit tap, seier Eid.

Bør score meir

Trenaren legg samstundes til at Hødd plukkar poeng borte mot laget som ligg på fjerdeplass i avdelinga og at mykje av det laget presterer er ting ein kan ta med seg vidare.

– Vi bør score meir mål enn vi gjer, og har sjansane til å avgjere denne kampen. Vi visste at det kom til å bli få sjansar, for Nardo hadde sleppt inn berre sju mål på ni kampar heime før vi kom hit. Dei ligg også lågt i nesten 90 minutt, men vi bør score meir, minst eitt til, og vi bør klare å unngå baklengsmålet.

I den første omgangen var spesielt høgresida til Hødd svært aktiv. Midtbanespelarane var flinke til å finne Daniel Eid på sida, og vingbacken fekk mykje rom å jobbe i. Etter pause var dette nærast fråverande, og Sindre Eid slår fast at dette ikkje var eit grep frå Hødd si side.

– Det var ikkje bevisst frå vår side, for det fungerte veldig bra i den første omgangen, og det var farleg nesten kvar gong vi kom rundt der ute. Vi slutta å bruke han i den andre omgangen og det er uforståeleg for meg. Vi skulle fortsette på same måten, men vi gjer ting annleis i andreomgangen. Det er merkeleg. Eg forstår det ikkje, men det får vi ta ein prat om på kammerset, seier trenaren.

Det var ikkje langt frå at Hødd slo rett tilbake etter utlikninga. Målscorar Torbjørn Kallevåg fekk ein gedigen sjanse etter flott spel frå Robin Hjelmeseth. Denne gongen var ikkje Hødd sin toppscorar like sikker som han brukar å vere, og avslutninga som kunne gitt tre poeng enda i staden over mål. Men sjølv om Hødd hadde moglegheita til å sikre sigeren, så vart det ikkje same kontroll på kampen som før utlikninga.

– Mål endrar kampar, og med scoringa fekk Nardo litt trua. Då blei det i større grad ein stillingskrig, mykje duellar og mykje rot. Då begynte vi å stresse litt og handterte det dårleg. Menmen, poeng på bortebane er greitt, og vi må ta med oss at vi har sju poeng på dei siste tre, avsluttar Eid.

Nardo – Hødd 1 – 1 (0–1)

Nissekollen

Tilskodarar: ca. 140

Dommar Mischa Kellerhals, Orre IL.

Gule kort: Martin Lundal, Eirik Haugan.

Mål: 0–1 Torbjørn Kallevåg (45), 1–1 Christoffer Engan (68)

Hødd: Ole Monrad Alme – Steffen Moltu, Henrik Breimyr, Eirik Haugan – Daniel Eid, Torbjørn Kallevåg, Bendik Rise, Bendik Torset, Didrik Sereba – Robin Hjelmeseth (Badr Rahhaoui 79), Robin Shroot.