Mange fann vegen til Ulsteinhallen under Ulstein Cup. (Arkivfoto)
            (Foto: Andreas Steinnes Bjerknes)

Mange fann vegen til Ulsteinhallen under Ulstein Cup. (Arkivfoto)Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Hødd Handball vart årets arrangør

Laurdagskvelden vart Hødd Handball kåra til årets arrangørklubb i Møre og Romsdal. Prisutdelinga skjedde på Handballforum i Molde.

Hødd Handball vann på grunn av den flotte gjennomføringa deira av firenasjonarsturneringa "Ulstein Cup".

Dei får ros for den fenomenale dugnadsinnsatsen der dei skapte ei oppleving heilt utanom det vanlege. Ikkje berre for dei som var tilstade, men for heile handball-Noreg via direktesendt fejrnsyn, og for Møre og Romsdal i sin heilskap.

- Gjennom utrettelig arbeid over lang tid fikk klubben med seg lokalsamfunnet, skriv Norges Handballforbund.

Fordi behovet for hjelp var så stort, var det også fleire andre klubbar so måtte trø til, men nokon måtte organisere det heile, og det vart gjrot på upåløageleg vis. Etterpå hausta dei mange godord for gjennomføringa, gjesfridomen og begeistringa som vart vist nokre varme sommardagar i 2016.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: