Det vart starta opp som eit ledd i Hjørungavåg IL sitt 70-årsjubileum i 2015. Laurdag er det klart for den tredje utgåva av Melshorn Opp.

Motbakkeløpet startar på Ulset og går opp til 668 meters høgde på toppen av Melshornet. Løyperekorden er det Håvard Myklebust frå Volda som har, etter å ha kome i mål på tida 25,23 under fjorårets løp.

– No byrjar det å nærme seg! Vi håpar mange kan tenkje seg å vere med, seier Pilskog.

Ho fortel at ein flytta årets løp med to veker, slik at det ikkje skulle kollidere med Hareidlandet Triatlon eller med Sparebanken Møre Cup, og at ein satsar det vil føre til at fleire har sjansen til å delta.

Under Melshorn Opp vil det vere ei konkurranseklasse, samt ei mosjonsklasse for dei som heller vil ta det som ein tur. Mosjonsklassa har start frå klokka 10, slik at deltakarane skal ha kome seg opp i høgda før konkurranseklassa startar to timar seinare.

Pilskog fortel at ein har vore fornøgde med deltakinga dei to føregåande åra, der det har vore med 26 i konkurranseklassa både i 2015 og 2016. Kanskje kan ein få med endå nokre til i år, men det veit ein ikkje før konkurransedagen. Heller ikkje om det kjem nokon som kan utfordre løyperekorden til Håvard Myklebust.

Spanande å sjå kven som kjem

– Noko av det som er litt spanande er at vi har påmelding i startområdet og ikkje på førehand, så då veit vi ikkje kven som kjem. Eg veit likevel at mellom anna Eirik Voksøy Bringsvor frå Sandsøya har meldt si interesse. Det kan bli spanande om han kan nærme seg løyperekorden. Han vann første året, men hadde ikkje forma heilt inne i fjor. Samstundes veit ein aldri kven som dukkar opp, og vi har mange sterke mosjonistar og løparar, noko mellom anna resultata på triatlonen viste. Dei som fullførte alle tre øvingane der er jo solide utøvarar, så opp Melshornet må jo vere «piece of cake» for dei, seier Pilskog. Og då er utfordringa på plass.

Ho håpar også at nokon kan utfordre bestetida i kvinneklassa. Den er det Pilskog sjølv om har, med 28,55 i 2015.

Så står det att å sjå kven som dukkar opp løpsdagen. Samstundes påpeikar Pilskog at det ikkje er nødvendig å ha dei store ambisjonane for å delta på fjelløpet.

– Dette er jo ei grein som kan utfordre alle, uansett bakgrunn, idrett, alder eller kjønn. Det er like forhold og det kan vere ein artig måte å møtast på, der ein kan samanlikne seg litt utover sine eigne spesialitetar.

Ho understrekar også at dei som ikkje ønskjer å gå på tid kan vere med i mosjonsklassa.

– Det handlar jo først og fremst om å konkurrere med seg sjølv. Dette er ikkje noko profesjonelt løp, men ei artig, lokal tevling der vi brukar næraste fjellet.

Pilskog melder om ei fin og godt rydda løype oppover mot toppen, og ut ifrå vêrmeldinga kan det også sjå ut til at ein er heldige med vêret.

– Det skal ikkje ligge mykje greiner eller einer i vegen, så dersom ein er i fin form så kan ein oppnå bra fart oppover.

Håpar mange tek turen

Og då bør det vere fine forhold, både for dei som vil springe fort og for dei som vil ha seg ein tur i fjellet.

– Vi håpar også at ein del familiar vel å ta turen. At dei vaksne kan ta med seg ungane og at dei kan kome seg ut i løypa litt før dei som skal konkurrere. Så får dei sjå utøvarane i aksjon og heie litt på dei.

Trine Pilskog fortel at det blir premiar til raskaste kvinne og raskaste mann i konkurranseklassen, men at det også blir trekt ut premiar på startnummer, slik at også dei som ikkje satsar på å vere først opp har sjanse til å vinne.

– Skal ein ha seg ein fjelltur i helga, så håpar vi dei vil legge den frå Ulset på laurdag! slår Pilskog fast.

Volding vann: I 2016 var det Håvard Myklebust som var raskast, og som sette løyperekord med 25,23 opp til toppen av Melshornet. Foto: Torger Havåg. Foto: Torger Havåg