Tap på Høddvoll: Det vart ein frustrerande kveld for Eiliv-Tore Howlid og Hareid borte mot Hødd 2. Torsdag kan dei slå tilbake når Skarbøvik kjem til Hareid.

Tap på Høddvoll: Det vart ein frustrerande kveld for Eiliv-Tore Howlid og Hareid borte mot Hødd 2. Torsdag kan dei slå tilbake når Skarbøvik kjem til Hareid.

Slår Hareid tilbake?

Etter ein tung kveld på Høddvoll sist fredag møter Hareid tabellnabo Skarbøvik på Hareid denne veka.

Både Hareid og Skarbøvik kjem til kampen med 22 poeng, med Skarbøvik framom på betre målforskjell. Ein vinnar i denne kampen har gode moglegheiter til å klatre opp på fjerdeplassen i avdelinga, så sant ikkje serieleiarane taper borte mot Emblem.

Hareid er inne i det som kanskje er sesongens tøffaste sportslege periode. Etter kampar mot både, Emblem, LGFK, FK Sykkylven og Hødd 2 dei siste vekene, ventar no opprykksjagane Volda og Bergsøy i dei komande kampane. Då hadde det vore greitt å ta med seg godkjensle frå kampen mot Skarbøvik, men det er eit lag i bra form som kjem til Hareid.

SIF har plukka ti poeng på sine siste fem kampar, og har berre tapt ein kamp etter sommarpausen. Sist vart det 4–3 siger over Norborg og Skarbøvik ser ut til å ha fått sesongen på rett kjøl etter å ha vunne berre ein av sine ti første kampar.

Hareid må nok opp fleire hakk frå kampen mot Hødd 2, men dersom laget kan finne tilbake til det solide forsvarsspelet laget har vist store delar av sesongen, så kan dei ha gode sjansar.

Då laga møttest tidlegare i sesongen enda det med poengdeling på "Siffen". Toppscorar Martinus Røyset Bakken scora Hareid sitt mål i kampen som enda 1-1, men angriparen er ikkje tilgjengeleg denne gongen. Mot Hødd-rekruttane mangla både Bakken, Lars Roar Holstad og Kim-Tore Husøy. Ifølgje Hareid IL sine facebooksider kan dei to sistnemnte vere tilbake mot SIF, medan Røyset Bakken framleis er utilgjengeleg for Hareid.

Det vart i utgangspunktet meldt at kampen skulle spelast på Hareid stadion, og at dette kanskje vart sesongens siste graskamp på Hareid, men kampen er no flytta til Hareidsmyrane og det blir dermed kunstgraskamp.

4.-divisjon runde 17:

Langevåg - Godøy

Hareid - Skarbøvik

Emblem - Hødd 2

FK Sykkylven - Larsnes/Gursken

Rollon - Bergsøy

Norborg - Volda

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: