Denne helga avsluttar dei lokale friidrettsutøvarane sesongen med Midt-Norsk Mesterskap i Hommelvik i Trøndelag.

Dimna IL sin 15 årige bronsevinnar i lengde Anna Kleven viste at ho er den beste lengdehopparen i Midt-Norge med å vinne lengde med 5,17 meter. I denne øvinga vart det dobbeltsiger til Dimna då Kornelia Roppen tok andreplassen med 4,88 meter.

Kornelia tok også ein 4. plass i kulekonkurransen.

Måseide med eitt gull, Moldskred med to

Det blei fleire medaljar til Dimna IL denne første dagen. Sture Måseide tok gull på 100 meter i 17 års-klassen med tida 11,89 sek. Her blei Jakob Fjørtoft nummer tre.

Ein annan 17 åring som viste seg fram i dag var Iver Moldskred. I påvente av spyd på søndag som er hans spesialitet deltok han i dag i kule og diskos. Han sette ny personleg rekord i begge øvingane med høvesvis 11,72 meter og 29,49 meter. Gull blei det også i begge øvingane.

Oline Rise Kvalen blei nr. 4 i slegge i 15 års-klassen.

- Vår bronsevinnar i slegge under UM, Annette Lydersen, stod over Midt-Norsk denne gangen, fortel klubbtrenar Arve Hatløy.

Gull på 1000 meter stafett

Dagen var avslutta med 1000 meter stafett. Her blei det gull til jentene til Dimna i 15 års-klassen. På dette laget sprang Oline Rise Kvalen, Synne Håheim, Kornelia Roppen og Anna Kleven.

- Vêret laurdag har ikkje vore optimalt for friidrett, med lett regn og 10-12 grader. Trass i dette vart det fleire fine resultat på tampen av sesongen, seier Arve Hatløy.

Midt-Norsk Meisterskap held fram søndag, og då skal fleire Dimna-utøvarar i aksjon.

Her eit knips av sigerspallen i 15 års-klassen der det blei dobbeltsiger til Dimna IL ved Anna Kleven (midten) og Kornelia Roppen. Foto: Arve Hatløy.