Etter å ha spelt uavgjort mot topplaget Nest-Sotra sist helg, ventar eitt nytt lag frå opprykkskampen søndag. Då får Hødd besøk av Notodden, som etter ein trong start på sesongen no verkeleg har fått sving på sakene. Faktisk må ein heilt tilbake til 16. juli for å finne siste poengtapet, og i mellomtida har laget mellom anna slått Bryne 3–0.

Det har ført Notodden heilt opp i toppsjiktet, og med seks kampar igjen av sesongen har laget alt å spele for i kampen om opprykk.

For Hødd sin del vart håpet om å henge med i opprykkskampen knust etter nokre svake periodar tidlegare i sesongen. Avstanden ned til botnlaga er også såpass stor at Hødd er på temmeleg trygg grunn. Dermed kan ein kanskje tenkje at laget ikkje har så mykje å spele for, men det vil ikkje trenar Sindre Eid høyre snakk om.

– Nei, eg synest vi har alt å spele for. Vi har mykje å revansjere frå vårsesongen, og har ei spelargruppe som er svoltne på å motbevise at vi er så dårlege som vi var ei periode. Vi har ekstremt mykje å spele for og har utruleg lyst til avslutte sesongen på ein positiv måte, seier Hødd-trenaren.

Begge har blitt betre

Ein av kampane Hødd ønskjer å revansjere er 3–0 tapet frå bortekampen mot Notodden. Eid meiner laget var bra med spelemessig, men tre enkle baklengsmål og svake defensive prestasjonar gjorde sitt til at heimelaget fekk ein relativt enkel siger.

– Vi sleppte inn for enkle og for billege mål, men sidan den tid har både Hødd og Notodden blitt betre. Det blir ein ny test for oss, og litt som sist, at vi får testa oss mot det som per no er eitt av topplaga.

Topplag eller ikkje, heime på Høddvoll ønskjer Hødd å dominere, uansett motstandar.

– Målet er å slå Notodden. Vi spelte ein god heimekamp mot Fana, der vi verkeleg tok tak i kampen frå start. Vi spelte også ein god kamp mot Nardo, og hadde 70 gode minutt mot Nest-Sotra, så Hødd er i bra form, og må ta med oss det inn i kampen mot Notodden. Vi har eit klart mål om å føre kampen og om å vere det beste laget, seier Eid.

Han får tilbake Eirik Haugan etter karantene, medan Magnus Myklebust også er klar til å bidra for førstelaget. Martin Mork Breivik og Vegard Heltne er framleis ute, men Mork Breivik har vore med i spel på trening denne veka.

Trenar Sindre Eid meiner laget har mykje å spele for og mykje å revansjere denne hausten. Mellom anna mot Notodden, som slo Hødd 3-0 tidlegare i sesongen. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes