Første omgang

Hødd byrja kampen med å halde på ballen. Etter 2 minutts spel spelte dei blåkvite seg fram, og Robin Hjelmeseth fekk avslutta på mål. Hødd sin første sjanse gjekk derimot rett i klypene på keeper Nils Jonatan Johansson.

Etter ein dobbelsjanse for Hødd i det ellevte speleminutt storma Notodden rett i angrep. Notodden kom seg heilt inn i feltet til Hødd, la inn, der Erlend Hustad nærmast umarkert fekk prikke inn ballen i mål. Dårleg forsvarsjobb i dette tilfellet. 0-1 på Høddvoll etter 11 minutt.

Hødd var det førande laget den første halvtimen, sjølv om dei fekk mål i mot. Men, sjølv om dei hadde mykje ball, var det få verkeleg store sjansar å spore.

Tempoet var låg fram mot 40 minutt, og ingen av laga kom spesielt nærmare mål. Fine angrep frå tid til anna frå Hødd si side, med gode gjennomspel, men i siste fasen sit det ikkje heilt.

Andre omgang

Berre nokre sekund inn i omgangen straffa Notodden eit sovande Hødd-forsvar hardt. Og kven andre enn tidlegare Hødd-spelar Aman Mbedule skulle vel stå for gjestane si andre scoring for dagen. 0-2 frå kanten på sekstenmeteren etter 46 minutt.

Men så, minuttet etter fekk Hødd frispark på typisk Bendik Rise-distanse. Og Rise banka til rett mot mål frå 25 meter, over mur og motstandarar, og forbi ein forfjamsa keeper i Notodden-målet. Midt på mål, og noko keeper truleg burde tatt, men like fullt 1-2 på Høddvoll.

Rise fekk faktisk sjansen til å utlikne, på eit nytt frispark to-tre minutt etter scoringa, men då gjekk ballen godt over mål.

Etter 62 minutt kom endeleg det heimepublikummet hadde venta på. Didrik Sereba blei glimrande spelt gjennom av Bendik Rise. Sereba la inn i feltet framfor mål, der Robin Shroot enkelt kunne dytte ballen i mål frå ein halvmeter. 2-2 på Høddvoll med litt under ein halvtime igjen av ordinær tid.

Fine kombinasjonar i angrep førte fram til avslutning frå Torbjørn Kallevåg etter 67 minutt, men ballen gjekk like utanfor mål. Robin Shroot kunne raskt sendt Hødd i leiinga etter eit flott innlegg frå Daniel Eid på høgrekanten i det 74. speleminutt, men Shroot fekk ikkje pannebrasken skikkeleg på ballen.

Etter 82 minutt blei Magnus Myklebust, som er tilbake etter ei lengre periode ute, spelt fint gjennom. Men åleine med keeper blei ballen i staden takla frå han og ut til eit hjørnespark.

Til ordinær tid hadde korkje Hødd eller Notodden lukkast med å sikre seg den avgjerande tredjescoringa. Heller ikkje overtida hjelpte, og det enda med poengdeling på Høddvoll.

Dette laget stiller Hødd:

Hødd (3-5-2): Ole-Monrad Alme - Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu - Daniel Eid, Bendik Rise, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Didrik Sereba - Robin Shroot, Robin Hjelmeseth

Innbyte: Sivert Pieroth, Jesper Törnqvist, Preben Sætre, Magnus Myklebust, Badr Rahhaoui, Eirik Saunes, Andreas Breimyr

Før kampen

Etter å ha spelt uavgjort mot topplaget Nest-Sotra sist helg, ventar eitt nytt lag frå opprykkskampen søndag. Notodden ligg heilt opp i toppsjiktet, og med seks kampar igjen av sesongen har laget alt å spele for i kampen om opprykk.

For Hødd sin del vart håpet om å henge med i opprykkskampen knust etter nokre svake periodar tidlegare i sesongen. Avstanden ned til botnlaga er også såpass stor at Hødd er på temmeleg trygg grunn.

Følg kampen her på Vikebladet.no. Kampstart er klokka 15:00.