- Vi viste stor karakter ved å kome tilbake igjen frå å ligge under med to mål. Men vi skapte nok sjansar til å score eit tredje. Det er skuffande å ikkje vinne i dag, men slik blei det, sa ein litt betutta Robin Shroot i intervjusona etter kampslutt.

Shroot meiner uansett at Hødd spelte underhaldande fotball, og at publikum nok fekk grei valuta for pengane med fire mål og mykje fint spel.

- Gjorde nok til å vinne

Han er som sagt skuffa over at det blei med det eine poenget, noko han også veit mange blant publikum er. Robin meiner likevel at Hødd uavhengig av resultatet viste gode takter.

- Vi gjorde meir enn nok til å vinne. Vi ser bra ut no, og må berre sørgje for at flest mogleg av dei resterande kampane blir sigrar. Det har vore ein vanskeleg sesong for oss, men vi viser at vi er minst like gode som kva som helst slags lag i denne divisjonen, seier Shroot.

Som vedgår at Hødd blir litt omstendelege i spelet.

- Når vi køyrer på skaper vi store problem for motstandaren.

Målet Shroot scora kom etter 62 minutt, då Bendik Rise fann Didrik Sereba med ei vakker pasning mellom to Notodden-forsvararar. Sereba sentra ballen inn framføre mål, der Robin Shroot stod på rett plass til rett tid, og tuppa kula i mål.

- Det var kanskje eit enkelt mål, men det var resultatet av eit fint angrep. Eg er veldig nøgd med det, seier Robin Shroot.

- Spelte ein god kamp

Bendik Rise blei kampens første målscorar for Hødd, og det berre knappe minuttet etter at tidlegare lagkamerat Amani Mbedule dobla leiinga for Notodden, sekund inn i andre omgang.

- Det var herleg å sjå den gå inn. Det er slik det skal vere, seier Rise.

Hødd fekk frispark på typisk Bendik Rise-hald, og lysluggen var ikkje vond å be når det kom til kven som skulle ta det. Han banka til rett på mål, slik ballen gjekk over fleire motstandarar og mot keeper. Der var ikkje Notodden sin sisteskanse heilt med, og ballen gjekk like greit rett i kassa.

- Eg føler eg spelte ein god kamp i dag. Siger er alltid førsteprioritet, men slik blei det ikkje i dag. Når vi spelte den førsteomgangen vi gjorde, og visste at vi hadde god kontroll, var vi klare på at vi kunne snu kampen. Sjølv om vi sleppte inn eit mål til heilt i starten der, visste vi at vi var eit betre lag i dag, og at vi kunne score både to og tre mål sjølve. Det blei berre nesten i dag, og no er det berre å trene vidare til neste kamp, seier Bendik Rise.

I neste oppgjer møter Hødd Vidar borte på Lassa gress i Rogaland.