Det er fem kampar igjen av sesongen i 2.-divisjon avdeling 2, og ein er med andre ord for fullt inne i innspurten på årets sesong.

Hødd har no gått fem kampar på rad utan tap, og ein må tilbake til det sure 3-2 tapet for Bryne for å finne siste kampen der Hødd ikkje tok poeng. Samstundes har det berre blitt tre poeng på dei siste tre kampane, og Hødd har difor ikkje klart å ta inn noko på laga framom seg på tabellen.

På sine to siste kampar har det blitt poeng mot Nest-Sotra og mot Notodden, to av dei tre laga som kjempar om direkte opprykk. Av topplaga var det berre Bryne som vann i den 21. serierunda, men med tap for Vidar tidlegare i veka er det heilt jamnt om kven som tek direkte opprykk, kven som skal ut i kvalifisering og kven som ender på den sure tredjeplassen.

Runde 21:

Fana - Vidar 2-5

Vard Haugesund - Egersunds 3-2

Fram - Hønefoss 2-0

Odd 2 - Vindbjart 3-0

Hødd - Notodden 2-2

Nardo - Nest-Sotra 1-1

Bryne - Byåsen 5-0

Nest-Sotra toppar dermed framleis avdelinga, men berre poenget framom Bryne, som igjen er poenget framom Notodden. Derfrå er det seks poeng ned til Vidar på fjerdeplass. Hødd ligg på ein åttandeplass, fire poeng bak Nardo på plassen framom. Både Hønefoss og Egersunds er på skothald til Hødd, medan Odd 2, Fana og Byåsen framleis er favorittar til å rykke ned. Vindbjart er nærast dei tre nedrykksplassane, men har fem poeng ned til Odd 2 med fem kampar att.

Neste runde:

Egersunds - Fram

Vard Haugesund - Nardo

Vindbjart - Fana

Vidar - Hødd

Notodden - Nest-Sotra

Hønefoss - Bryne

Byåsen - Odd 2