Det ser ut til å gå mot opprykk for Hødd 2. Rekruttlaget fekk berre med seg eitt poeng borte mot Emblem torsdag, men enda likevel opp med å styrke sin posisjon i toppen av avdelinga.

For Bersgøy, som spelte borte mot Rollon fredag, tok ikkje vare på moglegheita til å få kontakt med Hødd 2. I staden for å krympe avstanden til fem poeng, auka den i staden til åtte. Rollon vart nemleg for sterke og vann 3-1 i Larsgården. Dermed gjorde også Rollon det dei kunne for å blåse vekk nedrykksspøkelset med fem kampar igjen av sesongen.

Slik det ser ut på noverande tidspunkt vil to lag rykke ned frå 4.-divisjon på Sunnmøre. Dette vil avhenge av kor mange lag frå Sunnmøre som rykker ned frå 3.-divisjon, men både Spjelkavik og Herd har gode moglegheiter til å halde seg i divisjonen. I såfall er det berre AaFK 2 som går ned, og dermed to lag ned frå 4.-divisjon.

Der ser det ut til at kampen står mellom Godøy, Langevåg og Norborg. Dei to sistnemte har begge 13 poeng, medan Godøy har 12. Torsdag slo Langevåg Godøy, medan Norborg gjekk på eit femmålstap mot Volda. Her nede kan dei innbyrdes oppgjera vere med på å avgjere kven som går ned. Norborg skal møte både Godøy og Langevåg i innspurten, og alle dei tre i botnen skal møte Rollon før sesongen er over.

På toppen av tabellen ser det ut til at mykje skal gå gale om ikkje Hødd-rekruttane skal sikre opprykk. Med fem kampar igjen og åtte poeng å gå på vil tre sigrar vere nok til å garantere opprykket. Bergsøy kan maksimalt oppnå 51 poeng, og truleg vil sju poeng vere nok for dei blåkvite. Dei har nemleg klart betre målskilnad enn naboane frå Herøy. Bergsøy må også passe seg for Volda på poenget bak, men voldingane har truleg hakket vanskelegare kampprogram.

Les også: Vann i siste sekund

Frå Volda på tredjeplass og ned til Hareid på fjerdeplass er det ti poeng. Truleg blir det ein kamp om fjerdeplassen mellom Hareid, Emblem, Skarbøvik og FK Sykkylven. Emblem ser ut til å vere favorittar etter å verkeleg ha funne haustforma, men i sine tre neste kampar skal både Hareid og Emblem møte Volda og Bergsøy. Det er dermed heilt ope om kven som tek fjerdeplassen og som får spele kvalifisering til NM neste vår.

Resultat runde 17:

FK Sykkylven - Larsnes/Gursken 5-0

Emblem - Hødd II 1-1

Hareid - Skarbøvik 3-2

Langevåg - Godøy 2-1

Norborg - Volda 1-6

Rollon - Bergsøy 3-1

Neste runde:

Skarøvik - Emblem

Volda - Hareid

Larsnes/Gursken - Langevåg

Godøy - Rollon

Bergsøy - Norborg

Hødd II - FK Sykkylven