Under Self-Transcendence 24 Hour Race Tooting Bec 2017 i London sette Therese Falk, opphavleg frå Hareid, norsk rekord med eit løp på 236,803 kilometer. Det var ei forbetring av hennar eigen norske rekord med over åtte kilometer og gir ei snittfart på 9,86 km/t. I 24 timar!

Den ekstreme distansen heldt både til siger i løpet og til å sette banerekord på Tooting Bec.

Les også: Ekstremløp i varmebølgje

Til nettstaden Kondis.no seier Falk, som representerer Romerike Ultraløperklubb, at målet ho jobbar mot er å klare 240 kilometer i løpet av eit 24-timersløp.

- Det er det eg drøymer og jobbar mot. Men det er klart at eg er stolt og veldig fornøgd med 236,8 kilometer og ny pers. Det var mange timar med hard jobbing, mykje smerte og sjølvsnakking, seier Falk til Kondis.no.

Falk seier også at dei første 20 timane gjekk veldig greitt, men at det blei veldig tungt dei par siste timane.

- Den siste timen var eg heilt tom, seier ho til Kondis.no.