Komande søndag går den 19. utgåva av "Den store styrkeprøva" - turmarsjen med start anten i Eiksund eller Alskleiva over fjellryggane mot Korshamna.

Det er trimgruppa i Hareid IL som arrangerer styrkeprøva og dei understrekar at dette er eit tiltak for heile familien. Det er likevel mogleg med tidtaking for dei som ønskjer det.

- Tiltaket høver for alle – store og små – som meiner å vere i form til å kunne gjennomføre marsjen. I ordinær marsjfart tek det 3-4 timar frå Eiksund til Alskleiva, medan den som går Eiksund-Korshamna må setje av 4-5-6-7 timar, skriv trimgruppa i ei pressemelding.

Ein det gjekk mykje fortare med er Terje Åmelfot. I fjor bruke han berre ein time og 16 minutt til Alskleiva, og 54 minutt til på vegen til Korshamna.

Det er mogleg å starte både i Eiksund og i Alskleiva.

Ifølgje trimgruppa er det Joar Moldskred som har den uofisielle rekorden på turen mellom Eiksund og Korshamna. Han brukte då 2 timar og ni minutt.