Komfortabelt for Hasundgot

Hasundgot tok like greitt alle tre heime mot Åheim/Stadt onsdag kveld. To mål i kvar omgang, først ved Sebastian Moldskred Kleven og Ruben Muren, og deretter ved Sander Nedreberg Gjerde og Mats Bigset sikra ein komfortabel siger på Hasundgot stadion. Rapportane frå Hasundgot stadion melder likevel om at heimelaget ikkje var heilt nøgde med eigen prestasjon.

Det vart likevel nye poeng for Hasundgot, og dei har det blitt plukka jamt og trutt denne hausten. Laget har framleis til gode å tape etter sommarpausen og står med fire sigrar og tre uavgjorte på dei siste sju. Det har ført laget opp på ein fjerdeplass i avdelinga, med like mange poeng som Hareid 2. Allereie laurdag er det klart for ny kamp for Hasundgot, då borte mot Vartdal.

Sæbø slo tilbake

Sist runde gjekk Sæbø på eit svært overraskande tap borte mot Gjerdsvika/Larsnes/Gursken. Heile 6-1 tapte laget frå Bondalen under sin visitt på Storøyra. Det svei nok for eit lag som knapt har tapt fotballkampar dei siste sesongane (to sålangt i år), og heime på Sæbø er det berre eitt lag som har klart å få med seg poeng denne sesongen.

Det var med andre ord ei vanskeleg oppgåve som venta Hødd 3 borte mot det revansjesugne Sæbø-laget. Det tok også berre 13 minutt før toppscorar Terje Haugen Øye sette inn 1-0. Og då Nicolai Fjørtoft Vik sette inn Hødd 3 sitt første for kvelden hadde Sæbø allereie sett sitt andre.

Hødd 3 utlikna likevel få minutt etter pause, denne gongen ved Zakarie Ushey, men tre minutt seinare var Sæbø i føringa igjen. Derfrå såg ikkje heimelaget seg tilbake og tre mål til vart plassert forbi Hødd sin keeper. Sluttresultatet vart 6-2 til Sæbø.

Hareid 2 fekk bank av Bergsøy 2

Greitt nok at Hareid mangla ein del folk til denne kampen. Men laget som reiste til Fosnavåg for seinkamp onsdag skulle likevel ha vore meir enn bra nok til å gi Bergsøy 2 brukbar kamp. Men i kveld mislukkast det meste: Alt frå den taktiske inngangen til kampen, til lagmessige og individuelle feil utover i første omgangen, og at laget ikkje sette eigne sjansar - og sikkert meir som kunne ha vore nemnt.

Bergsøy var nok heldige med ei dommaravgjersle på 1-0, men hadde nok vunne meir enn nok til slutt likevel. Til pause stod det heile 5-0 til heimelaget. Spesielt Frantz Frantzen og Peter Daniel Baade gav Hareid svært store problem denne omgangen.

Hareid bestemte seg for å starte med blanke ark i andre omgang og gjere ein betre figur då. Det lukkast bra. 2. omgang var i grunnen jamspelt. Bergsøy vann denne omgangen 1-0. Men det kunne like gjerne ha vore omvendt, som det så fint heiter. Sjølvsagt var det jo ikkje slik at Bergsøy "måtte" opp og fram denne omgangen, men om Hareid spelt som før pause hadde det enda 10-0. Det enda altså "berre" 6-0.

Etter ein slik kamp er det ikkje anna å seie enn at ein får slikke sine sår og kome sterkare tilbake neste runde. No har Hareid forresten kamppause neste veke. Den kjem nok godt med. For det trengst at ein del skadde spelarar kjem seg på føtene og tilbake i trening framfor avslutningsdelen av sesongen. Referat Hareid IL