Therese Falk er ikkje ukjend med å levere ekstreme løpsprestasjonar. Ho er ei av landets klart beste ultraløparar og sette norsk rekord under EM i 24-timersløp i 2016.

I helga vart den rekorden forbetra og det med over åtte kilometer. Under Self Trancendence 24 Hour Race på Tooting Bec-bana i London sprang Falk 236,803 kilometer, og no nærmar ho seg for alvor draumegrensa på 240 kilometer i løpet av eitt døgn.

– Eg drøymde om å gjere noko liknande under VM i Belfast, men då hadde eg verkeleg ikkje døgnet. Du er nøydd til å ha med deg hovudet under eit så langt løp, for etter 12 timar byrjar det å gjere frykteleg vondt. Etter 16 er du sliten og lei, har det vondt og dersom du ikkje finn motivasjonen då så går det rett og slett ikkje.

Over 590 rundar

Men i London fungerte det veldig godt. Falk fortel at ho gjekk til løpet med veldig lite press på seg, anna enn det ho legg på seg sjølv.

– Eg kan vere ganske streng med meg sjølv og det presset toler eg. Det passa meg veldig fint med eit lavterskelløp, der eg berre skulle bevise for meg sjølv at eg kunne klare det.

45 deltakarar var med på løpet, som gjekk på ei 400 meters løpebane.

– Eg hadde med meg sambuaren min som støtte, i tillegg til at ein av løparane frå landslaget var med som støtte for nokre svenske løparar. Begge to var fantastiske og når ein ser dei ein gong kvar 400. meter så er det lett å halde det gåande ei runde til. Det blei i overkant av 590 rundar, fortel Falk.

Eller i overkant av 30 gongar rundt traseen til Grimstadvatnet rundt.

Blir ikkje ein lei av å springe den same runden så mange gongar?

– Nei! Det har ikkje eg noko problem med. Det er folk der, og når ein spring forbi nokon så får du beskjedar som «godt jobba». Det er lite spisse olbogar i ultraløp. Du får mykje positive tilbakemeldingar og prøvar å svare på same måten. Kvar fjerde time så bytta vi også retning, så då fekk ein endeleg sjå alle dei andre løparane i ansiktet ei runde, fortel ultraløparen.

Gjekk tom for krefter

Ho hadde ei snittfart på 9,86 km/t i løpet av dei 24 timane. Denne gongen gjekk det litt seinare på slutten, medan ho tidlegare ofte har vore sterkare mot slutten.

– Denne gongen var eg heilt pumpa på slutten. Eg prøvde å jogge, men det vart gåtempo og eg seig sakte framover. Veldig lenge låg eg an til å enkelt klare 240 kilometer, som er draumemålet, men det vart heilt tom på slutten. Eg klarte å halde tempoet i nesten 23 timar.

Falk passerte 210 kilometer på mindre enn 21 timar og brukte rett over ein time både til 220 og 230 kilometer. Deretter vart det tyngre, og i løpet av den siste timen blei det om lag 6 kilometer.

Rask tid på 100 miles

At tempoet lenge var bra viser tida til Falk på 100 miles (160,9km). Dit brukte Falk 15 timar, 19 minutt og tre sekund. Det er klar norsk bestetid på denne distansen.

– Eg hadde veldig godt tempo veldig lenge, men dessverre gjekk det for sakte siste to timane til å nå 240 kilometer. Men eg gav absolutt alt!

Ultraløparen fortel at ho tidlegare har hatt litt utfordring med å få i seg nok næring undervegs i løp, men at dette gjekk veldig greitt i London.

– Eg får i meg mykje energi og mat gjennom drikke. I tillegg går det litt i «babymat» eller smoothie og litt snickers. Du har ikkje lyst til å tygge så mykje, men eg får også i meg litt kjeks, sånn at det ikkje skal skvulpe så mykje. Det fungerte veldig fint med næring denne gongen, og det er nok også difor det gjekk så bra som det gjorde.

Og at ho kom så nære målet om 240 kilometer i løpet av eitt døgn. Men kva skal til for å nå draumegrensa?

– Sei det. Eg hadde optimale forhold denne gongen, og eg veit ikkje heilt kva som skal til. Eg kjem nok ikkje til å trene så veldig annleis. Eg må nok finne ein ytre motivasjonsfaktor som kan presse meg dei siste to timane. Denne gongen var eg fornøgd med å kome over 230 kilometer, og då er utruleg vanskeleg å presse seg sjølv vidare når beina ikkje går framover.

At ho skal finne noko som kan gje den ekstra motivasjonen som skal til skal ein ikkje sjå vekk ifrå.

– Eg er jo veldig sta og det er nok den viktigaste eigenskapen. At ein er viljesterk og sta. Konkurranseinstinktet er der, og eg må berre leite fram endå meir av det mot slutten, fortel Therese Falk.