Volda fekk den beste starten heime mot Hareid. Det vart ikkje dei heilt store sjansane i opninga, men Volda hadde nokre forsøk som kunne blitt farlege.

Det skulle heller ikkje ta meir enn 11 minutt før heimelaget tok leiinga etter eit flott langskudd frå Kenneth André Hole.

Kampens første gule kort gjekk til Fredrik Andresen. Etter å ha slått inn eit frispark på hjørnet av Volda sin 16-meter, jobba han tilbake for å hindre kontring, men måtte bruke ulovlige middel for å stoppe ein Volda-spelar.

Fint Volda-spel etter 15 minutt heldt på å skape ei ny stor moglegheit for heimelaget, men Eiliv Tore Howlid var på rett plass og fekk sett inn ei viktig takling på elleve meter.

Hareid kom på ei kontring etter 18 minutt. August Brandal fekk vendt seg fint fri på midten og sette full fart framover. Angriparen prøvde seg med eit skot frå 18 meter, men det gjekk eit stykke utanfor. Brandal måtte også få tilsyn etter angrepet og vart erstatta av Håvard Øvrelid.

Han var involvert då Hareid fekk sin første skikkelege sjanse i kampen. Etter fint spel vart Øvrelid spelt opp i Volda sin 16-meter. Øvrelid fekk med seg ballen mot linja og prøvde å slå inn, men utan at ein medspelar kom til avslutning.

Dobling

Ti minutt før pause dobla Volda leiinga. Schøning drog seg inn frå venstre og sende i veg eit skot frå 16 meter. Sigve Overå Hide fekk blokkert avslutning, men ikkje lenger vekk enn til Eskild Dagfinrud, som frå kort hald ikkje hadde noko stort problem med å sette inn 2-0.

Det vart også farleg to minutt seinare, då Volda slo eit frispark inn i feltet. Overå Hide var igjen på ballen, men måtte ha eit par forsøk før han fekk kontroll på ballen.

Det stod 2-0 ved pause, noko som betydde at Hareid måtte jage i den andre omgangen, men i staden for at bortelaget kom tilbake var det Volda som punkterte kampen i løpet av dei første sju minutta i den andre omgangen.

Fullstendig kollaps

Først var det Kenneth André Hole som var på tur inn i Hareid-feltet og sette inn sitt andre for dagen, før Stian Finnøy gjorde det meste på eiga hand og han sette inn 4-0.

Og vondt skulle bli verre for Hareid. Innbytar Jonas Dahlen var ivrig, medan Hareid-spelarane sov litt i eige felt. Dahlen fekk dermed gå opp nærast utan press. Med ein keeper på halvdistanse kunne han heada ballen inn i det lengste hjørnet til 5-0.

Hareid hadde store problem med å halde Volda unna, og tre minutt etter sitt femte baklengsmål kom også det sjette. Etter ein corner gjekk Tobias Evebø til vers og kunne heade inn eit nytt mål for heimelaget.

For Hareid sin del vart dette ei tung periode. Fleire baklengs på kort tid sette sitt preg på kampen, og bortelaget skapte lite på Volda sin halvdel. Nikolay Sundgot var nære etter eit brukbart innlegg, og Volda-keeperen trøbla merkeleg mykje med eit Hareid-skot kort tid seinare, men dei heilt store sjansane vart det ikkje.

Ikkje før sju minutt før slutt, då Henrik Grimstad sette fart oppover Volda sin halvdel, venta ut forsvaret og spelte fram Nikolay Sundgot som frå skrått hold sette ballen halvmeteren på utsida av den lengste stolpen. Eit fint angrep og ein stor sjanse for Hareid.

Men der Hareid ikkje klarte å ta vare på sine få sjansar, var Volda meir kliniske når dei fekk sjansen. Fire minutt før slutt vart Odd Kåre Reite spelt fram i Hareid-feltet der han enkelt kunne sette inn Volda sitt sjuande mål i kampen.

Ny kalddusj i sluttminutta

Berre eit par minutt seinare fekk Hareid ein ny kalddusj. På frispark frå 20 meter sette Volda-kaptein Runar Løvold ballen gjennom både muren og keeper til 8-0, og det skulle ikkje ta meir enn eit nytt minutt før det niande målet låg i nettet bak Overå Hide.

Etter 2-0 ved pause enda det dermed heile 9-0 til slutt. Ein totalkollaps av Hareid i den andre omgangen. Det var dermed ingen lystig tur tilbake gjennom Eiksundsambandet for Hareid-spelarane, som opplevde sitt andre stortap på tre kampar. Og i neste runde ventar Bergsøy, som fredag knuste Norborg på Havila stadion. Dersom Hareid skal få noko utav den kampen, må det heilt andre takter til på Hareidsmyrane.

Hareid (3-5-2/5-3-2): Sigve Overå Hide – Eiliv-Tore Howlid, Lars Roar Holstad, Håvard Knudsen Bjåstad (Markus Hareide 60) – Fredrik Andresen (Ben Buntu 60), Torgeir Skeide (K), Ruben-Kenneth Brandal, Nikolay Sundgot, Nauris Driksna (Henrik Hareide Holstad 60) – Ola Kalvø Vattøy (Henrik Grimstad 67), August Brandal (Håvard Øvrelid 20) (Kim A. Alvestad 82)

Det meste skjedde framom målet til Hareid i bortekampen mot Volda. To baklengs i den første omgangen og heile sju i den andre førte til at det blei ein tung kveld på Volda stadion for raudtrøyene. Foto: Einar Orten Trovåg