Bergsøy har åtte, medan Volda har ni poeng opp til Hødd 2 i toppen av 4.-divisjonsavdelinga på Sunnmøre. No skal begge laga møte Hareid i løpet av åtte dagar, og for Hareid blir dette nokre solide utfordringar.

Fredag kveld er det Volda som står på motsett banehalvdel, og på Volda stadion har heimelaget teke 18 av 24 moglege poeng så langt denne sesongen. Det har berre blitt eitt tap på eige gras, mot Bergsøy, og det betyr at Volda framleis kan ha eit ørlite håp om å kunne utfordre Hødd 2 i innspurten av sesongen. Ein sesong som blir avslutta mot nettopp Hødd 2 på Volda stadion.

Hareid kan ikkje blande seg inn heilt i toppen, men låg på ein sterk fjerdeplass før den 18. serierunden. Emblem vann over Skarbøvik torsdag, og har dermed passert Hareid med ein kamp meir spelt.

Raudtrøyene har levert bra på bortebane denne sesongen (3-2-3) og gjorde også ein bra figur då laget møtte Volda på Hareid stadion tidlegare i år. Bortelaget meinte nok at dei skulle hatt med seg alle tre poenga, men der Martinus Røyset Bakken sørga for straffescoring for heimelaget, var Sigve Overå Hide på plass for å hindre at Volda kunne juble for det same.

I fem av åtte bortekampar så langt denne sesongen har Hareid kome unna anten utan baklengs, eller berre med eitt. Då har det også blitt poeng for laget. Unntaka er kampane mot FK Sykkylven, samt mot topplaga Bergsøy og Hødd 2. Spesielt den siste vart tung for Hareid, og ein må levere betre forsvarsspel enn i det siste 70 minutta av den kampen om ein skal ha sjanse på poeng borte mot Volda.

Volda har vunne fire av sine siste fem kampar, med tapet for Bergsøy som einaste unntak. Hareid står med to sigrar og tre tap i same periode.