Dette var faktisk berre Alme sin tredje kamp utan baklengs i Hødd-drakta, etter at dei første kom mot Egersunds og Fana heime på Høddvoll tidlegare i år.

- Det var litt slitekamp i starten, men så kom vi inn i det etter kvart. Bana var så som så, men vi handterte det veldig bra og det er kjekt med ein slik kamp, fortel Alme.

Lite å gjere

Keeperen vart ikkje veldig utfordra mellom stengene, men var på rett plass og hindra Vidar sin største sjanse då bortelaget pressa på for redusering.

- Eg har egentlig ikkje så mykje å gjere. Det vart mest utspel og ball i beina, i tillegg til at eg tok nokre innlegg. Det var ikkje så mange skot å ta seg av. Forsvararane var gode på å blokkere og vi gjorde ein god kamp defensivt, fortel 20-åringen.

- I dag fekk vi det til å sitte. Då held vi nullen og vi scorar tre. Det er veldig godt, legg Alme til.

Hødd har blitt betre og betre defensivt utover i sesongen, men det har likevel blitt fem baklengsmål på dei siste tre før kampen mot Vidar. Dermed gjorde det godt å ikkje sleppe til noko denne gongen.

- Slik som vi spelar i dag, mot eit lag som hadde vunne fire på rad, og vi både slår dei og held nullen, det gir ei positiv kjensle og det må vi ta med oss vidare. Det viser at laget vårt er godt nok.

Ny kontrakt

Før helga vart det klart at Alme og Bendik Rise begge har signert nye treårskontrakter med Hødd. Begge var på utgåande kontrakt, men no kan unggutane sjå framover.

- Målet er å utvikle meg vidare og at eg skal ta steg vidare. Eg ønskjer å spele så bra som mogleg no, og at eg også får spele neste år. Meir speletid og meir erfaring gjer at ein blir meir stabil og tryggare på dei rundt ein. Det er viktig. No har ein tryggheita i at ein veit kva ein skal dei neste tre åra, og då gjeld det å prestere i trening og kamp, slik at ein kan halde den plassen eg har no, fortel Alme.