Hødd kunne søndag juble for tre nye poeng etter å ha slått FK Vidar 3-0 på Lassa gress. Bortelaget tok tak i kampen frå start og var det førande laget i opninga. Etter 20 minutt fekk dei blåkvite utteljing, då Torbjørn Kallevåg var på rett plass etter eit blokkert innlegg. Han banka inn sitt 12 seriemål denne sesongen og sende Hødd i føringa.

Om lag 20 minutt seinare skulle bortelaget doble. Denne gongen var det Bendik Torset som fekk sjansen, etter å ha blitt spelt fram på høgresida. Torset hadde alternativ inne framom mål, men valte i staden eit skot frå spiss vinkel som fann vegen inn i det lengste hjørnet. Dermed 2-0 og ein kalddusj for heimelaget kort tid før pausen.

I den første omgangen hadde Hødd full kontroll på det meste som skjedde, men heimelaget fekk noko meir tak i kampen etter kvilen. Før pause var det knapt registrert sjansar frå Vidar, og Hødd hadde veldig bra defensiv kontroll. Dette heldt bortelaget fram med i den andre omgangen, men det vart nokre fleire glepptak bakover.

Det var likevel ikkje dagen for rogalendingane. Bakarst hadde Ole Monrad Alme kontroll og han gjorde ei strålande redning frå kort hald på det som vart Vidar sin største sjanse i kampen.

Framover hadde Hødd fleire gode moglegheiter, men sjølv om laget ofte kom seg til veldig fine posisjonar, så mangla det ein del på avslutningsforsøka. Heilt fram til fem minutt før slutt. Då hadde Vidar sendt mykje folk i angrep, noko som opna endå meir rom på heimelaget sin halvdel. Etter å ha vunne ballen sette Hødd i gang ei kontring, og Bendik Rise vart sendt åleine gjennom mot ein forsvarar. Rise finta seg forbi, tok ballen med inn i 16-meteren og plasserte den i mål nede ved næraste stolpen. Dermed 3-0 og kampen var fullstendig punktert.

Det kunne blitt fleire mot slutten, og Robin Hjelmeseth var veldig nære då han sette ballen i stolpen, men det blei med dei tre for Hødd, som dermed har slått Vidar 3-0 i begge oppgjera denne sesongen.

Kampfakta:

Vidar - Hødd 0-3 (0-2)

Lassa gress

Dommar: Tore Olsen Hagelund, Ready

Gule kort: Westlye, Holmvik, ChristensenMål: 0-1 Torbjørn Kallevåg (20), 0-2 Bendik Torset (40), 0-3 Bendik Rise (85)

Hødd: Ole Monrad Alme - Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu - Daniel Eid, Torbjørn Kallevåg (Jesper Törnqvist 86), Bendik Rise, Bendik Torset (Eirik Franke Saunes 87), Didrik Sereba - Robin Hjelmeseth, Badr Rahhaoui (Andreas Breimyr 69).