Hasundgot heldt fram den gode haustforma med nytt poeng laurdag. Det er ikkje kvardagskost med to kampar på ei veke i 6.-divisjon, men etter å ha slått Åheim/Stadt 4-0 onsdag gjekk turen laurdag til Vartdal stadion for bortemøtet med Vartdal.

Hasundgot har framleis til gode å tape denne hausten og stod med sju kampar på rad utan tap før kampen mot Vartdal. Sist tap kom borte mot Sæbø i slutten av juni.

Også på Vartdal stadion vart det poeng, og for fjerde gong denne sesongen enda det med 2-2 for Hasundgot.

Det kunne likevel ha enda med full pott for bortelaget. Isak Sundgot har debutert for Hasundgot denne sesongen. Etter to scoringar mot Gjerdsvika/Larsnes/Gursken tidlegare i haust scora han også første målet mot Vartdal. Leiinga heldt til pause, men Vartdal slo tilbake i den andre omgangen. Etter 1-1 hadde heimelaget også sjansen til å ta leiinga frå straffemerket, men Joakim Rødven gjekk sigrande utav den duellen og redda straffesparket.

I staden tok Hasundgot tilbake leiinga, denne gongen ved Sebastian Moldskred Kleven. Hasundgot var i føringa til ein var inne i overtida, men til slutt fekk Vartdal utlikna og det enda med poengdeling.

Med denne kampen har Hasundgot spelt 18 av 20 seriekampar for sesongen. Det blir også ei kamppause på to og ei halv veke før sesongen blir avslutta med heimekampar mot Moltustranda og Sæbø.