Denne veka kan mykje avgjerast i 4.-divisjon kvinner på Sunnmøre. Hødd har toppa avdelinga heile sesongen, men no kan Hareid snike seg forbi i innspurten.

For Hødd-rekruttane hadde ikkje tapt eit einaste poeng på sine første 10 kampar, og mellom anna slått Hareid på Hareidsmyrane, men på dei siste to har det berre blitt eitt poeng for Hødd, og dermed har Hareid sjansen til å ta over leiinga.

For Hareid har mindre kampar spelt, og søndag vart det storsiger borte mot Stordal.

Scoringar frå Caroline Overvåg og Shaajeena Jeyathas før pause, samt mål frå Jeyathas, Silje Årsbog Bjåstad og Hanna Holstad Grimstad sikra ein solid 5-0 siger mot laget som spelte 2-2 mot Hødd for nokre dagar sidan.

Dermed er det berre fire poeng mellom Hødd på første og Hareid på andre, men Hødd har to kampar meir spelt enn Hareid, og dermed kan alt skje i innspurten.

Kanskje aller viktigast blir lokaloppgjeret mellom desse laga. Torsdag reiser nemleg Hareid til Høddvoll, og ein eventuell vinnar av denne kampen vil vere klart i førarsetet for å ta avdelingssigeren.