Hødd sikra søndag ein solid 3-0 siger over Vidar i Stavanger. Ingen av laga endra tabellposisjon etter det resultatet, men Hødd fekk noko betre kontakt med laga framom seg på tabellen. Dermed bør laget ha sjansen til å klatre mot slutten av sesongen, der ein skal møte motstand som i utgangspunktet bør vere mogleg å slå for dei blåkvite.

Men der Hødd framleis blir liggande på ein åttandeplass før dei siste fire serierundane, skjedde det meir i toppen av avdelinga. Bryne tapte borte mot Hønefoss, medan Notodden slo Nest-Sotra, og plutseleg er det Notodden som fører an i kampen om opprykk.

I andre enden av tabellen tok Fana tre svært viktige poeng mot Vindbjart. Det er no berre to poeng mellom laga som ligg like over og like under nedrykksstreken. Runden blir avslutta med Odd 2 - Byåsen tysdag og med siger kan også Odd 2 nærme seg trygg grunn før innspurten.

Runde 22:

Egersunds - Fram 3-0

Vard Haugesund - Nardo 0-1

Vidar - Hødd 0-3

Vindbjart - Fana 1-3

Notodden - Nest-Sotra 2-1

Hønefoss - Bryne 2-1

Odd 2 - Byåsen (tysdag)

Neste runde:

Vard Haugesund - Bryne (frå runde 24 - spelt onsdag 27. )

Fram - Vard Haugesund

Fana - Byåsen

Nardo - Notodden

Nest-Sotra - Vidar

Hødd - Vindbjart

Bryne - Egersunds

Odd 2 - Hønefoss