Det var jamt på Høddvoll dei første fire minutta. FK Sykkylven hadde også kampens første moglegheit, då ein tidleg overgang gav ei bra skuddmoglegheit frå 16 meter, men skuddet gjekk rett på Sivert Pieroth som hadde god kontroll.

Derfrå og ut handla alt om eitt lag. Hødd 2 tok fullstendig over i banespelet og byrja sakte, men sikkert å skape sjansar.

I opninga vart det litt for mange offsidar på heimelaget sine offensive spelarar, men då kan ein forsøke frå avstand. Det tok berre fem minutt før heimelaget var i leiinga og det var Håkon Botn Brautaset som stod for scoringa etter eit skudd frå 18 meter som sneik seg inn ved den bortre stolpen.

Ti minutt seinare fekk Magnus Myklebust ein stor sjanse etter fint Hødd-spel, men angriparen vart takla i det han skaut og ballen gjekk eit par meter utanfor. Kanskje hadde han fortent eit straffespark i den situasjonen.

Hødd-rekruttane skapte ei rekkje moglegheiter, men det tok ei stund før mål nummer to skulle kome. Peter Hasund hadde ein ball i nettet, men då stod linjedommar med flagget oppe og signaliserte for offside.

- Det at vi går ein del i offside viser jo berre at vi har ein del initiativ i bakrom og det gjer at dei må legge seg endå lågare med forsvarsfiraren. Då blir det ofte rom ein plass framom dei, noko vi utnytta med gode distanseskudd, fortel Sander Håskjold Nyland.

Det var likevel berre eit spørsmål om tid og etter 26 minutt skulle det smelle frå Eirik Franke Saunes. Etter ein kort corner på venstresida fekk Saunes ballen på 20 meter. Han tok seg tid, sikta seg inn på krysset og banka til. Eit fantastisk skot og nydeleg scoring frå midtbanespelaren.

Same mann stod også for Hødd sitt tredje, også denne gongen frå avstand. Det vart ikkje same krafta eller plasseringa på denne avslutninga, men ballen gjekk via ein forsvarar og suste i mål den også.

3-0 var stillinga då laga gjekk til pause, etter ein førsteomgang der bortelaget knappast var over midtbanen.

Meir effektive i andre

Den andre omgangen var ikkje meir enn åtte minutt gamal før 4-0 var eit faktum. Peter Hasund kunne kanskje skutt sjølv, etter å ha fått ballen servert på lengste stolpe, men i staden vart ballen spelt ut mot 16-meteren der Isak Haanes tok imot. Angriparen brukte den tida han trengte og sette ballen kaldt og roleg ned i det lengste hjørnet.

Berre to minutt seinare var Gustav Dimmen på farta for heimelaget. Dimmen trekte seg ned mot dødlinja, men før han kom i innleggsposisjon vart han felt noko klønete av ein forsvarar og dommar hadde ikkje anna val enn å peike på straffemerket. Derfrå var Håkon Botn Brautaset sikkerheita sjølv og sette inn heimelaget sitt femte i kampen.

Hødd gjorde no ein del byter på laget, utan at dominansen vart mindre av den grunn. Kanskje blei det litt mykje fiksfakseri i periodar, men dei blåkvite skapte også bra med moglegheiter.

6-0 kom etter flott spel av Hødd etter 66 minutt. Isak Haanes gjekk til linja og slo førtifem grader ut der Sander Djupvik dukka opp og plasserte ballen i lengste hjørnet.

Sander Djupvik stod også for Hødd sitt sjuande. Denne gongen var det Johannes Sundgot, som elles leverte mykje bra frå sin venstreback, som tok med seg ballen ned til linja og slo hardt ut i feltet der Djupvik på ny stod klar til å ekspedere ballen i mål.

Då var det spelt 84 minutt og berre minuttet seinare vart det eit nytt mål på tavla. Denne gongen ved innbyttar Gustav Dimmen, som tidlegare i omgangen skaffa straffe.

8-0 vart også sluttresultatet og Hødd 2 nærmar seg opprykk til 3.-divisjon.

Ingen tvil om kven som skulle sikre poenga

Trenar Sander Håskjold Nyland meiner heimelaget hadde initiativet kampen gjennom.

- Dei hadde ein stor sjanse heilt tidleg i kampen, men etter det var det ikkje noko tvil om kva lag som førte kampen eller kven som skulle vinne kampen. Det vart meir eit spørsmål om kor mykje vi kom til å vinne med, men eg er nøgd med at vi i stor grad klarar å gjennomføre kampplanen. Det er kjekt å sjå og gjer også sitt til at vi scorar åtte fine mål, seier Håskjold Nyland.

Det vart gjort ein del byter på laget utover i kampen, og Hødd 2 fekk brukt dei aller fleste spelarane på benken utan at det gjorde noko med kampbiletet.

- Vi har mange spelarar som fortener sjansen og vi ønskjer å gje dei så mykje speletid som råd. Når kampen blir slik, så ønskjer vi å gje alle så mykje speletid som vi kan, og dei som kjem inn viser jo også at dei vil vere med, og det er positivt, fortel Håskjold Nyland.

Kampfakta:

Hødd 2 - FK Sykkylven 8 - 0 (3-0)

Høddvoll

Rohollah Ahmadzai, Langevåg IL.

Mål: Håkon Botn Brautaset (x2), Eirik Franke Saunes (x2), Sander Djupvik (x2), Isak Haanes, Gustav Dimmen.

Hødd 2: Sivert Pieroth - Preben Sætre (William Fjørtoft 54), Jesper Törnqvist, Elias Flø, Johannes Sundgot - Peter Hasund (Aleksander Rekdal 66), Eirik Franke Saunes (Daniel Haanes66), Sander Djupvik - Håkon Botn Brautaset (Bam Hide 66), Isak Haanes, Magnus Myklebust (Gustav Dimmen 46)