Det har allereie vore ei svært målrik 18. serierunde i 4.-divisjon på Sunnmøre. På dei første fem kampane vart det scora 28 mål, og spesielt Bergsøy og Volda tok føre seg. Bergsøy slo Norborg 8-0 på Havila stadion, medan Hareid fekk det svært tungt og tapte 9-0 i Volda etter at det var 2-0 ved pause.

Måndag skal runden avsluttast og det er på Høddvoll det skal skje. Hødd 2 toppar avdelinga, som dei har gjort i heile år, men med storsigrar til begge dei næraste konkurrentane bør også Hødd-rekruttane finne tilbake til vinnarsporet etter 1-1 borte mot Emblem sist.

Det treng ikkje om å bli noko enkel oppgåve for Hødd 2. FK Sykkylven har scora ti mål på sine to siste (5-0 over LGFK og 5-1 over Langevåg) og har berre eitt tap denne hausten. FK Sykkylven kan også kome opp på like mange poeng som Hareid med siger måndag.

Hødd-rekruttane må likevel sjåast som klare favorittar heime på Høddvoll. Bergsøy er einaste laget som har fått med seg poeng frå Høddvoll, og dei blåkvite har solide 33-4 i målskilnad på heimebane.

Søndag tok A-laget seg enkelt av FK Vidar på bortebane. Rekruttane har likevel med seg fem frå A-stallen til kampen mot FK Sykkylven. Ifølgje Hødd sine nettsider er dette troppen til kveldens kamp:

Sivert Pieroth, Joakim Ulstein, Magnus Myklebust, Isak Haanes, Daniel Haanes, Bam Hide, Gustav Dimmen, Sander Djupvik, Preben Sætre, William Fjørtoft, Aleksander Rekdal, Jesper Tørnqvist, Johannes Sundgot, Eirik F Saunes, Elias Flø, Peter Hasund, Håkon Brautaset.

Skulle Hødd 2 vinne denne kampen vil laget ha åtte poengs forsprang på Bergsøy før dei siste fire rundane av årets sesong.